Gratulerer til tidlegare YSK-elev!
Vi er stolte av elevane våre her på Haram vgs, og dei gjev oss grunn til å vere det!
Kjekt å lese artiklar av den typen Finnøy Gear & Propeller la ut på nettsida si i dag, om tidlegare YSK-elev, Igor Perkarskiy.
- Student og ansatt, Igor Pekarskiy, hos Finnøy Gear & Propeller ble kåret og hedret som årets vinner av stipend fra Skipsbyggerienes fond for forskning og utdannelse, melder Finnøy Gear & Propeller på heimesida si.
Vidare fortel dei;
- Kvart år vert Verftskonferansen arrangert, ein konferanse som gjerne blir nemnd som den maritime næringa sin viktigaste møte- og mingleplass her i Møre og Romsdal. Konferansen vart gjennomført denne veka, 1.-2.november 2022, i Ålesund.
I forkant av årets verftskonferanse, etterlyste Norsk Industri kandidatar til eit stipend frå Skipsbyggerienes fond for forskning og utdannelse. Dette stipendet har som føremål å fremje utdanning av tilsette i medlemsbedriftene til Norsk Industri, slik at fagarbeidarar blir stimulerte og motiverte til å utdanne seg vidare til ingeniørar med bachelor- eller mastergrad.
Igor Pekarskiy fullførte først vidaregåande opplæring med Yrkesfagleg studiekompetanse (YSK) innan utdanningsprogrammet Teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Haram videregående skule, og gjekk dermed ut med både spesiell studiekompetanse og fagbrev. Han under gjekk heile løpet i lære hos Finnøy Gear & Propeller og tok fagprøve i CNC-maskineringsfaget sommaren 2021. Han er no i gong med eit 5-årig masterstudium i kybernetikk og robotikk ved NTNU i Trondheim.
På grunn av sine faglege kunnskaper og personlege ferdigheiter, kombinert med ein flott arbeidsmoral og ei svært godt gjennomført fagprøve, beslutta leiinga i Finnøy Gear & Propeller å nominere han.
Resultatet vart at Igor enda opp som vinnar av stipendet!
Veldig fortent, ut frå slik vi også kjenner han.
Haram vgs gratulerer!
Les heile artikkelen her.
(Bilete og tekst er henta frå artikkelen til Finnøy Gear & Propeller)