HVS støttar NSP Aid!
Ungdom hjelper ungdom. Og det nyttar!
Ver med å hjelpe, du og. Gje tomflasker i panteposane våre, eller gje jobbtilbod til elevane på aksjonsdagen den 21.10.22, eller støtt aksjonen direkte. Saman er vi gode, alltid.
Malaika Villages Kisarin
Vi er i Kenya og besøker prosjektet “Malaika Villages” i regi NSP-AID. Lokaliteten er i Kisarin, rett utanfor Nairobi,
Det er ei gruppe på12 elevar og fem lærarar frå fem forskjellig vidaregåande skular på Sunnmøre, som er med på turen til Kenya i år. Målet er å bli kjent med prosjekta til NSP-AID. Skulane samlar inn penger til Malaika Villages Kiserian – den nye barnelandsbyen utanfor Nairobi. Her skal NSP-AID bygge opp ein trygg, liten oase for foreldrelause barn, barn som har mista foreldre i slummen inne i byen.
Det skal byggast fleire hus, skule, aktivitetsområde og ein jordbruksdel, for å støtte opp om sjølvhushald. Kvart hus vil ha plass til 8 barn, saman med ein ansvarleg vaksen. som ein liten familie. Dette skal vere eit trygt sted å bo, forklarar NSP AID. Innanfor gjerda her skal barna ha alt dei treng til eit godt liv. Ved å gje barna betre levevilkår, kunnskap og erfaring med positive relasjonar, håper ein dei vil vaksne opp til eit godt vaksenliv - utanfor slummen.
Dette er eit hjelpeprosjekt som elevane ved Haram vgs., i lag med Spjelkavik -, Ulstein -, Herøy - og Borgund vgs støttar opp om, med innsamling av penger årleg over fleire år. Då er det kjekt å få tilbod om å delta på ein slik fantastisk flott rundreise.
Ver med du og, via reisebreva deira:
Siste reisemelding, 13.10.22:
- Då er vi på veg heim igjen etter ein innhaldsrik tur. Følelsane har gått i berg og dalbane - vi har både gråte og flirt. Vi kjem heim med nye perspektiv og ei takksemd for at vi bur i Noreg. Pengane som skulen har samla inn, har vi sett gjev ein heim og positive dagar til mange ungar. No håper vi å klare å samle inn friske midlar på innsamlingsdagen vår den 21.10. Pengane hjelp meir enn du trur.
Mvh oss som var med på reisedelegasjonen 2022.
(HVS-representantane har og posta bilete på INSTA_HVS, om du vil sjå meir).
Foto under er lånt frå heimesida til NSP-AID. Det viser døme på hus i Kisarin-landsbyen.
Kvifor er dette viktig for Haram vgs. å vere med på?
Overordnet del av læreplanen gjev viktige føringar for grunnopplæringa i Noreg. Dette tek vi på alvor.
Ved å fokusere på denne typen hjelpearbeid, og støtte opp om dette prosjektet, ønskjer skulen å gje elevane våre gode, grunnleggjande verdiar, innsikt og kunnskap, jf. måla i læreplanverket for den norske skule:
- Identitet og kulturelt mangfald
- Kritisk tenking, etisk medvitenheit
- Skaperglede, engasjement, utforskertrang
- Respekt for naturen, miljømedvit
Vi er stolt av elevane våre, som kvart å vel å støtte slike prosjekt og deretter bruker tid, kreativitet og energi på å skaffe pengar dei kan gje til prosjektet.
Takk for at de er som de er, HVS-elevar, og lukke til i årets innsamlingsaksjon!