Kampanje: PRATE, SMILE, LØFTE ...
Veit du nok til å avdekkje eit hjerneslag?
Kanskje ikkje, men etter å ha lest dette, kan du kanskje likevel nok:
«PRATE, SMILE, LØFTE – PROBLEM MED Å LØFTE ARMANE? DET KAN VERE HJERNESLAG. RING 113, KVART SEKUND TELL.»
LHL Hjerneslag Ung Nordvestlandet informerer
LHL Hjerneslag Ung Nordvestlandet er eit nettverk for unge slagramma og deira pårørande. Her kan ein møtast til uformel prat og hyggeleg samvære, og samstundes få råd og dele erfaringar på vegen mot ein betre kvardag. Spesielt fokus har ein på dei utfordringane som unge menneske står oppi i ein slik situasjon
Norsk Nevrologisk forening har i fleire år markert Hjerneveka i veke 47, også i år.
Målsettinga er å auke merksemda omkring hjernen og sjukdommar knytt til den – og vi vil hjelpe til med spreiing av nyttig informasjon.
- Hjerneslag er ein av våre mest alvorlege folkesjukdommar, og er ein av dei hyppigaste årsakane til død og funksjonshemming. Tidleg behandling vil bidra til at sjansane for eit heldig utfall er til stade, men mange vil likevel måtte leve med følgjetilstandar.
Gjennomsnittsalderen blant dei som får hjerneslag er over 70 år, men det diverre og er fleire unge i skule- og yrkesaktiv alder som får hjerneslag.
Helsedirektorat har i fleire år gjennomført ein hovudsymptomkampanje, og det er budskapet i denne kampanjen som vi no vil bidra til å minne om og gjere kjent.
Veit DU kva vi skal sjå etter, vil moglegheitane for behandling i tide ake betrakteleg!
Så les, og gjenta:
«PRATE, SMILE, LØFTE – PROBLEM MED Å LØFTE ARMANE?
DET KAN VERE HJERNESLAG. RING 113, FOR KVART SEKUND TELL.»
Takk for merksemda!
Mvh
LHL Hjerneslag Ung Nordvestlandet,
og oss ved Haram vgs.