Lånekassen informerer
Ope for elevar å søkje om stipend og lån for skuleåret 2023-2024.
Har du ...
- fått melding om skuleplass - då er det klart for å søkje!
Lånekassen har opna nettsøknaden for studieåret 2023–2024.
Elevar som har skuleplass, kan allereie no søkje om stipend og lån på lanekassen.no.
Direktelink ser du her:
Søknad om stipend og lån til videregående opplæring med ungdomsrett
- ikkje fått plass enno?
Dei som ikkje har skule- eller studieplass, må vente med å søkje til dei har fått stadfesta opptak.
Du kan sjølv sjekke kor mykje du kan få
Du som elev kan få hjelp i søkjeprosessen på lanekassen.no uten å logge inn eller sende søknad. Du kan blant anna sjekke kor mykje pengar du kan få frå Lånekassen på sida for elevar med ungdomsrett: Kor mykje kan ein elev i vgo søkje om?
Søk trygt
Det kan vere mykje å hugse på, særleg for deg som sender ein søknad for aller fyrste gong.
Slik søkjer du trygt på 1-2-3
- Bruk din eigen pc eller mobil til å sende søknaden, ikke bruk felles-pc.
- Hugs å logge ut når du har sendt søknaden.
- Lukk nettlesar-vindauget når du er ferdig og gje deg sjølv ein klapp på skuldra!
Tips gjerne om denne sjekklista til andre elevar - kanskje dei treng den når dei skal søkje.
Lukke til med neste skuleår!
Venleg helsing
Lånekassen