Ny, utsett eksamen, eller privatist?
Viktig informasjon om hausteksamen, anten du er ein av skulen sine elevar eller du tenkjer å ta eksamen som privatist. Sjekk ut og hald fristane!
Ny, utsett eller særskilt eksamen
Denne har du rett på om du som elev har fått karakteren 1 på eksamen eller i standpunkt. Du skal og opp til denne om du hatt gyldig fråvære på ein eksamen.
Dette får du informasjon om direkte frå skulen, om det gjeld deg. Då må du vere påpasseleg å lese denne informasjonen, og følgje opp rettleiinga som du får.
Kontakt kontaktlærar og/eller resepsjonen om du lurer på noko.
Privatist
Du kan melde deg opp som privatist og ta eksamen i ulike fag, men det føreset at du ikkje i same tidsrom er elev i faget. Dette gjeld for alle, også vaksne med vaksenrett.
All oppmelding skal skje via VismaInSchool Privatist, og eksamensdatoar finn du her.
Du må sjølv syte for at oppmelding og betaling er gjort innan dei gitte fristane (sjå oppmeldingsperiodane haust og vår).
Oppmeldingsperioder
Haust: 1. september - 15. september og siste frist er då 15. september!
Vår : 15. januar - 1. februar
NB!
Om du ikkje har meldt deg opp og betalt innan fristen, må du vente til neste eksamensperiode.