Russ 2023 i aksjon - Krafttak mot kreft
Kampen mot kreft er viktig!
Med ein kreftdiagnose, er statistikken på din side: 3 av 4 overlever kreft i Noreg i dag. Men med kreften følgjer frykt for det som er enda verre. Det eine ordet ingen kreftpasient eller deira pårørande vil høyre: «Spreiing».
Heldigvis overlever fleire kreft, også med spredning.
Men det må forskning til, innsats og kunnskap.
Vi som er russ på Haram vidaregåande skule skal gjere vår innsats, og organisere innsamlingsaksjonen her lokalt. Onsdag 15. mars set vi i gang, og vil gå ut i dei ulike bygdene og samle inn penger via bøsser og vipps. Vi held nok på ut veka.
Krafttak mot kreft
er Kreftforeninga si årlege innsamlingsaksjon og vår felles store dugnad i kampen mot kreft. I år samlar vi inn penger til forskning på kreft med spreiing. 1 av 3 får kreft i følge statistikken, og mange opplever spreiing diverre. Så dette er ein viktig sak å fokusere på og støtte opp om.
Hjelp oss å hjelpe!
Ta godt i mot bøsseberarane våre. Og treff du dei ikkje, er det likavel ei råd. Haramsrussen har laga til ei digital innsamlingsbøsse der alle kan gå inn og vippse sitt bidrag til saken.
Følg linken: https://digitalinnsamling.kreftforeningen.no/team/haram-vgs-russen-kampen-mot-kreft
TUSEN TAKK for alle bidrag!
mvh
Aksjonsgruppa til HVS-russ 2023