Russen sitt informasjonsmøte
Russen inviterer føresette til digitalt informasjonsmøte 29. mars 2023.
Tid: 19:00 - 20:00
Stad: Digitalt møte i Teams. Delta i møtet
Agenda for teammøtet:
- Forventningane russen har til føresette
- Russen informerer rundt kva dei har gjort for at fleire skal kjenne seg inkludert i russetida
- Vi ønsker å formidla kva planar me har rundt årets russe-rebus
- Kva skjer på Flatholmen?
Røde Kors informerer dei føresette kva dei bidreg med for å gi oss ei trygg og inkluderande russetid.
NB! Føresette kan melde seg som foreldrevakter på Flatholmen. Interessert? Meld deg på her .
- Politiet informerer om rolla deira i russefeiring
- Kommunen sin rolle russetida
- Rektors ord
- Russen og Røde Kors informerer om at føresette kan melde seg som vakter utanfor området til russen
Delta i møtet 29. mars kl. 19:00
(Linken er den same som oppe i ingressen)
Velkomen!
Bakgrunn for informasjonsmøtet
Russetida kan bli ei vanskeleg tid. Difor er det no oppretta eit større samarbeid mellom ulike etatar for å støtte opp om ungdom og hjelpe russen til å gjennomføre ei god feiring, for alle. Ålesund kommune informerer om samarbeidet som no pågår rundt russefeiring og ungdom i vårt område - sjå artikkelen under:
Saman om ei meir inkluderande russefeiring
Korleis kan vi saman skape ei trygg og inkluderande russefeiring? Det er tema for eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Ålesund kommune, politiet, frivilligheita og russen.
Les artikkelen: Saman om ein meir inkluderande praksis