Skuleavslutning på HVS
Torsdag 22. juni markerer vi at skuleåret 2022-2023 er over.
Avgangsklassane møter direkte på ID-huset til kl.09:30.
Alle andre møter først på klasseromma sine, oppe på skulen kl.08:05.
Velkomen!
Program
Kl.08:05 - 09:05
Avslutningsøkt for klassar som IKKJE er avslutningsklassar.
Det blir ca 1 time på klasserom med eigen kontaktlærar, før elevar og tilsette drar nedover til ID-huset.
NB! 2ST og 3TT møter på ID-huset, jf. avtale med sine kontaktlærarar.
Kl.09:30 - 13:00
Felles avslutningsmarkering i storsalen på ID-huset.
Programleiarar: Marie og Bendik frå 3TT.
Elevane sit klassevis i storsalen - ver venleg å følge merking på stolradene.
Underhaldning, talar og markering klassevis av alle avgangsklassar.
Pause midtvegs, med enkel servering.
Kl.13:00
Sommarferien startar - takk for eit innhaldsrikt skuleår, alle saman!
Lukke til på vegen vidare, til dykk som no forlét Haram vgs.
God sommar!