Stipend og lån frå hausten
Søknaden for elevar og lærlingar med ungdomsrett er no open. Mange elevar må likevel vente til Vigo-opptaket er klart i juli.
Kven kan søke no?
- Elevar som allereie har opptak til vidaregåande opplæring
- Lærlingar med gyldig lærekontrakt
- Elevar ved private vidaregåande skolar i Noreg, som ikkje har søkt opptak i Vigo
- Elevar som skal på utveksling til utlandet
Kva må vere på plass før elevane og lærlingane kan søke om stipend og lån?
- Elevane kan søke når dei har fått skoleplass
- Lærlingane kan søke når lærekontrakten er godkjent både av arbeidsgivar og fagopplæringskontoret.
- Lærekandidatar og praksisbrevkandidatar kan søke når dei har ein godkjent opplæringskontrakt.
Alle fylka har første opptak i løpet av første halvdel av juli. Elevar som har fått opptak til førstevalet kan då søke. Elevar som er tekne inn på andrevalet eller eit lågare ønske, og har takka ja, kan også søke.
Alle som ønsker å stå på venteliste, må vente med å søke stipend og lån til opptaket er klart. Søknaden er open for alle elevar frå 1. august.
Vennleg helsing
Lånekassen