Undervisningsevaluering 2022
Til elevar og føresette.
Det er politisk vedtatt at vidaregåande skular i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skuleår. Målet med evalueringa er at den skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket.
Informasjon om undervisningsevalueringen 2022-2023
Haram vgs gjennomfører undervisningsevalueringa i vekene 45-47.
Resultata vil bli brukt i utviklingsarbeid mellom lærarar og deira undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.
Evalueringa blir gjennomført som ei elektronisk spørjeundersøking, som elevane skal gjennomføre i skoletida. Det er friviljug for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppfordrar alle til å delta. Svara blir behanda konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med fem eller fleire svar.
Elevane skal evaluere undervisninga til ein eller fleire tildelte lærarar. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gongar avhengig av kor mange lærarar som har blitt tildelt eleven. Talet avheng av kor mange av eleven sine undervisningsgrupper som er blitt valde ut til å bli evaluerte. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokon lærarar, men det vert unntaksvis. Det er skoleadministrator som har bestemt kva grupper som skal evaluere.
Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Skjemaet inneheld spørsmål fordelt på fire tema:
1. Eleven si meistring og motivasjon
2. Vurderingspraksis
3. Støtte frå lærar
4. Læringsmiljøet i gruppa
Om de har spørsmål til undersøkinga, kan de kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgjevar Monica Solheim (monica.solheim@mrfylke.no), eller rådgjevar Ann-Christin Hoel Lervik (ann-christin.hoel.lervik@mrfylke.no)
Med venleg helsing
Jan Magne Helland
Rektor, Haram vidaregåande skule