Undervisningsevalueringa 2021-2022
Til elevar og føresette.
Det er politisk vedtatt at vidaregåande skular i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skuleår. Målet med evalueringa er at den skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket.
Haram vgs kjem til å gjennomføre undervisningsevaluering i dei komande vekene.
Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.
Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skoletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppfordrar alle elevar til å delta. Svara behandlast konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med fem eller fleire svar.
Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gongar. Talet avheng av kor mange av eleven sine undervisningsgrupper som er blitt valde ut til å bli evaluerte. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokon lærarar, men det vert unntaksvis. Det er skoleadministrator som har bestemt kva grupper som skal evaluere.
Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Skjemaet inneheld spørsmål fordelt på fire tema:
1. Eleven si meistring og motivasjon
2. Vurderingspraksis
3. Støtte frå lærar
4. Læringsmiljøet i gruppa
Om de har spørsmål til undersøkinga, kan de kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgjevar Monica Solheim (monica.solheim@mrfylke.no), eller rådgjevar Ann-Christin Hoel Lervik (ann-christin.hoel.lervik@mrfylke.no)