Velkomen til skulestart!

Skulestart for elevar er i år lagt til måndag 23. august, i veke 34.

Før skulestart må du tenkje gjennom nokre ting vi har sett opp under.

Og nedst finn du oppmøteplan og program for 1. skuledag.

Skriv ut

Ting du må gjere før skulestart

   
Alle elevar må ha PC til bruk i undervisninga
Vi rår deg til å velje fylke sitt tilbod om skule-PC, men du kan og nytte eigen PC, dersom den støtter alle funksjonar og programvare som undervisninga krev. Det er det ditt ansvar å syte for. Meir informasjon om PC-ordninga til fylket finn du her.

Sjølve bestillinga av PC gjer du her inne i «Skolestart». Logg deg inn og bestill din skule-PC så raskt du kan.
   

Val av framandspråk  og type matematikk
Val av framandspråk og matematikk-retning gjeld berre for elevar som skal ta eit studiespesialiserande utdanningsprogram. (NB! Ikkje framandspråk-val for YSK-elevar). Viss du skal ta eit yrkesfagleg utdanningsprogram, betyr det ikkje noko kva framandspråk eller matematikkretning du vel. Desse vala gjeld altså ikkje der.

Det kan bli høve til å gjere om vala etter skulestart. I alle høve tek vi atterhald om at du kanskje må byte fag dersom vi får oversøknad/manglande søknad til eitt av faga, eller dersom vi ikkje greier å skaffe lærarar til alle gruppene.

Ved Haram vgs er valet i framandspråk anten tysk eller spansk.

Valet av teoretisk- (1T) eller praktisk (1P) matematikk medfører gruppeinndeling frå første dag med matematikk. Valet kan bli justert, men då etter samtale med faglærar og leiinga. Eventuelle endringar må skje i løpet av september.
   

Skuleskyss i vgs
Det er innført elektroniske skuleskysskort, og elevane på vidaregåande skule må sjølv søke om skuleskyss. For å søke, loggar du deg inn på skoleskyssportalen.no. Dette gjer du etter at du har takka ja til tilbodet om skuleplass. Og hugs, dette må du gjere for kvart skuleår framover. (Bruk alltid Google Chrome som nettlesar når du er inne i skuleskyss-portalen).

Alle elevar som alt har skuleskysskort, skal fortsette å bruke det kortet dei allereie har. Kortet vert oppdatert automatisk når søknaden blir godkjent.

Meir informasjon om skuleskyss i vgo: Skuleskyss i vgo
   

Lånekassen
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får eit utstyrsstipend, men du må søke om stipendet. Dette kan gjerast her: www.lanekassen.no/utstyrsstipend

 

Tid og stad for oppmøte

 
Måndag 23. august

kl.09:00: Vg1-elevar møter i auditoriet.
kl.10:30: Vg2 møtar opp, auditoriet.
Kl.11:00: Vg3 møter opp, auditoriet. (Alle elevar på Vg2 Påbygg møter her!

Velkomen!

Seinare i veka:
Vg3TT møter opp onsdag 25. august, kl.08:00 ved auditoriet.
Vg4TT møter opp torsdag 26. august, kl.08:00 ved auditoriet.
  

For nye elevar:
Auditoriet ligg mellom administrasjonen og verkstadbygninga. Bruk anten inngangen mellom desse to seksjonane og gå rett inn i auditoriet, eller bruk hovudinngangen (sjå biletet øvst oppe) og ta deretter til venstre gjennom biblioteket.

  

Programmet 1. skuledag: 

Kl. 09:00   Velkomen v/rektor Jan Magne Helland
                  Informasjon og klasseinndeling
Kl. 10:00   Klassevise opplegg m/kontaktlærar på klassen sitt klasserom
Kl. 11:15   Matfri
Kl. 11:45   Klassevise opplegg fortset
Kl. 14:30   Slutt på din første skuledag på HVS

Eigne program for tysdag og onsdag (blir gitt ut av kontaktlærar)
Alle klassar følgjer timeplanen f.o.m. torsdag.

 

Lukke til med skulestart og velkomen til HVS!
 

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.