Om skulen

Haram vidaregåande skule er ein kombinert skule.

Det vil seie at vi tilbyr både yrkesfaglege- og studieførebuande utdanningsprogram hos oss.

Skulen vart totalrehabilitert i 2016 og framstår som lys og triveleg i interiøret.
Verkstad-delen ligg i vest (t.v. i bilete over). Leiing, resepsjon, bibliotekområde og ordinære klasserom ligg i den midtre, kvite delen, medan t.d. spesialrom for Helse- og oppvekstfag ligg i austre del av bygget (t.h. i bilete).

Vi er stolte av skulen vår.
Det ser du av videoane elevane våre har vore med å laga om Haram vidaregåande skule:

Filmen under er litt eldre, spelt inn skuleåret 2021-2022. Sjå den gjerne likevel, for der er mykje god informasjon om skulen som dåverande elevar ville formidle til dykk. 

Tilboda våre - kort oppsummert

Yrkesfag

Skulen tilbyr 2-årige løp knytt til dei yrkesfaglege utdanningsprogramma;
Elektro og datateknologi
Helse- og oppvekstfag
- T
eknologi- og industrifag

Etter desse er det høve til å fortsetje på Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse
  

Studiespesialisering

Skulen har og to variantar av 3-årige utdanningsprogram;
Studiespesialisering (ordinært løp)
Studiespesialisering - internasjonalisering 

Begge med høve til fordjuping i anten realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi på Vg2 og Vg3. 
  

YSK

I tillegg tilbyr Haram vgs. det 4-årige YSK-tilbodet der elevane får ein kombinasjon av yrkesfagleg-  og studieførebuande utdanningsprogram. På vår skule kan elevane anten gå YSK-Elektro (4,5 år) eller YSK-Teknikk- og industrifag (4 år). Begge tilboda vil gje elevane eit fagbrev og studiekompetanse med full fordjuping i matematikk og fysikk etter fullført utdanningsløp. 

(Forkortingar brukt på dette tilbodet er YSK = yrkes- og studiekompetanse og TAF = tekniske og allmenne fag).
  

Litt om skulen

Skulebygget
Haram vgs har eit nyrennovert og funksjonelt bygg, med friske fargar på klasserom og eit godt inneklima.

Verkstadane til TIF, EL og YSK er i flittig bruk og fungerer godt. Det same gjer dei nye øvingsromma for utdanningsprogrammet Helse- og oppvekstfag (Vg1 og Vg2). Vi er og godt nøgde med dei fine spesialromma våre for realfaga.

Inntaksområdet vårt
Dette er heile Ålesundsregionen (hovudsakleg dei tidlegare kommunane Haram, Sandøy og Skodje), samt Midsund, men skulen har og elevar frå andre nabokommunar.

Det er oftast dei meir spesielle utdanningstilboda til skulen, som t.d. 4-årige YSK og eit Vg2 ST i Skottland, som trekk inn elevar frå større delar av fylket. Noko vi set stor pris på - alltid kjekt å sjå nye ungdommar i miljøet vårt.

Opningstider
Undervisningsdagen på Haram vgs har ytre rammer kl.08:05 - 14:30.
Resepsjonen er normalt ope mellom kl.08:15 - 15:30.

Bussruter/reiseruter
Bussrutene frå Moa til Brattvåg finn du her.
(Dette er Fram sin søkjemotor, så du kan og søkje opp andre reiseruter via linken over)

Skulebussane vil køyre opp til skuleområdet/idrettsanlegget ved start og slutt på skuledagane. Til dei andre tider på døgnet må ein møte på busshaldeplassane nede i sentrum når ein skal ta buss. 
  

Skulen sitt nærområde

Skulen ligg i eit område med flott Sunnmørsnatur på alle kantar, bokstaveleg, og har eit nærmiljø med fine fasilitetar.
Næraste naboar er Brattvåg ungdomsskule, med idretts- og symjehall, og Brattvåg IL, med sitt oppdaterte idrettsanlegget. Desse, i tillegg til naturen sjølv, vert nytta i kroppsøving og i andre fag der det fell naturleg.

Det er kort veg ned til sentrum i Brattvåg der bl.a. kulturbygget Ingebrikt Davikhuset ligg, sjukeheim, ulike helseteneste-tilbod, butikkar, bibliotek og og andre kommunale tenester. Vidare er det like kort veg ut i naturen, anten ned i fjøra eller opp i fjellet.
   

Stolt og skapande

Det er det Haram vidaregåande skule ønskjer å vere, og det er det skulen ønskjer å gjere elevane sine.

Vi har inne flotte ungdommar, i kull etter kull, og vil dei skal vekse og utvikle seg personleg til sjølvstendige, kunnskapsrike, kreative og stolte unge vaksne. Unge vaksne, som veit dei har moglegheitar føre seg i livet og som ønskjer å jobbe vidare til beste for seg sjølv og samfunnet dei lever i.

Elevtal
Skulen har eit relativt stabilt elevtal på omkring 300 elevar. Skulen er stolt av elevane ved skulen - dei er venlege, viser år etter år god oppførsel, fin stå-på-vilje og utrettar stadig gode ting både i den normale skulekvardagen og i større samanhengar. 

Tilsette
Skulen har i underkant av 60 tilsette.
Hovudsakleg er dei tilsett innan pedagogisk personale, der lærarane er fordelte på eit breiare spekter av fagområde og utdanningsprogram innan yrkesfag og studiespesialisering.

Administrasjonen består av 4 personar;
- rektor (leiar), ass.rektor/fagleiar EL/TIF/YSK, fagleiarar for SSA og fagleiar for REA/HO.

Drift består av;
- 2 konsulentar på hovudkontoret, 1 rådgjevar, 2 assistentar, 4 reinhaldarar.
Skulen har og ein liten bibliotekarressurs (30 %,) som ein av lærarane no har innbakt i stillinga si.

Alle er med på å drifte skulen til det beste for elevane.

Elevretta støttefunksjonar
Helsessjukepleiar har treffetid på skulen kvar tysdag og torsdag kl 09-13. Ho er og tilgjengeleg etter avtale på andre tidspunkt når slike behov blir melde inn.

PPT er ein god samarbeidspartnar for skulen.
Det er ein kontaktperson (50% stilling) ved PPT-kontoret i Ålesund som er knytt opp mot Haram vidaregåande skule. PPT er tilstades på skulen kvar måndag, men stillar og opp på møte, eller ved andre høve, etter innkalling.

"NAV i skule" er og eit tilbod i Elevtenesta vår.
NAV-kontakten til skulen har fast treffetid på eige kontor oppe i Elevtenesta kvar tysdag kl 08-14.

Oppfølgingstenesta (OT) har og ein fast representant på skulen, i 50%-stilling.
Denne tenesta er for elevar som står i fare for, eller som ender opp med, avbrot frå vidaregåande opplæring. Tilbodet er i regi fylkeskommunen.

OT og NAV deler på kontor i Elevtenesta og har eit utbreidd og godt samarbeid i sitt felles arbeid med ungdom.

Hybelbuarar
Storparten av elevane våre bur heime, men dei som er avhengige av hybel, skaffar seg denne forholdsvis greitt på eiga hand. Skulen kan også hjelpe til. Ta kontakt med kontorpersonalet for oversyn over hybelsituasjonen i bygda.

Vi oppmodar og alle som har hyblar til leige, ta gjerne kontakt med kontoret og fortel oss om du har ledig hybel du kan tilby ein elev!
    

Vi ønskjer alle, nye og allereie inntatte elevar, velkomne til skulen.
 

Snarvegar

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.