Behovet må vere grunna i dokumentert vanske innan sterkt nedsett psykisk og/eller fysisk funksjonsevne, der vansken gjer at du som elev ikkje vil få høveleg god nytte av eit ordinært utdanningsløp.
ITO = Individuelt Tilrettelagt Opplegg
Det individuelt tilrettelagte opplegget vil bli utarbeidd i samråd med elev, føresette og hjelpeinstansar (t.d. PPT og Statped). Målet er å gje ei opplæring i vidaregåande skule som er til beste for eleven på både kort og lang sikt.
Kva for utdanningsprogram (klasse) eleven vil følgje, kjem an på kva interesser og framtidige mål ein har. Eleven søkjer seg inn på eit ønska utdanningsprogram, men det er Inntak i Kompetanse og næringsavdelinga (KON) i fylkeskommunen som avgjer om søknaden om ITO-skuleplass blir innvilga, eller tilbodet justert. Når vedtak om skuleplass er gitt, vil skulen begynne arbeidet sitt i lag med PPT, og legge ein plan for utdanningsløpet i vgo. Opplegget for eleven blir tilpassa eleven sine evne og behov, og presentert for elev og foreldre/føresette i forkant av skulestart.
Dei tilsette på skulen som jobbar inn mot ITO, er eit utvalt team av spesialpedagogar, faglærarar, vernepleiarar og/eller fagarbeidarar, tilpassa det spesifikke utdanningsløpet til eleven. Skulen vil heile vegen ha eit tett samarbeid med PPT og andre instansar, alt etter behov.
Mål for opplæringa er og individuelt
Det langsiktige målet er at eleven skal bli mest mogleg sjølvstendig på skulen, heime og på fritid, og å få utvikle sine evne slik at han/ho kan få eit godt liv.
Den enkelte elev vil få jobbe mot spesifikke, individuelle mål per skuleår, bygd opp rundt den generelle delen av læreplanen, dei fem grunnleggjande ferdigheitane (som skal integrerast i alle fag, på alle nivå), og eventuelle spesifikke fag. Om behov, kombinerer ein desse faglege målae med personleg øving på ulike ferdigheiter som er viktige for sosial fungering og/eller framtidig arbeid.
De fem grunnleggende ferdighetene er:
· å kunne uttrykke seg muntlig
· å kunne lese
· å kunne uttrykke seg skriftlig
· å kunne regne
· å kunne bruke digitale verktøy
Kva for innhald, nivå og arbeidsmåte ein legg seg på i opplæringa, avhengig av eleven.
For nokre elevar er det behov for kvardagslivstrening eller arbeidslivstrening. Da prøver skulen finne gode arenaer for slik trening.
Vurdering
Opplæringen vil oftast avvike frå ordinær opplæring og gir difor ikkje grunnlag for standpunktvurdering. Eleven vil få eit kompetansebevis som dokumenterer eleven sin kompetanse ved slutten av opplæringa i vgo.
Dersom eleven presterer på nivå med krava i læreplanen for eit fag, vil skulen i lag med elev, føresette og hjelpeinstans, vurdere om standpunktkarakter likevel skal gjevast. Får eleven karaktervurdering i eit eller fleire fag, vil dette kome fram i eleven sitt kompetansebevis.
Nokre elevar kan klare å jobbe mot eit ordinært vitnemål for eit utdanningsprogram, trass sine utfordringar, men treng lengre tid. Dette vil ein ta med i vurderinga når det tilrettelagte løpet i vidaregåande skule blir planlagt. Når eit realistisk mål er sett, tek ein eit år om gongen, og jobbar saman for at eleven best kan nå målet sitt.
Ta kontakt med skulen eller PPT for å få vite meir om korleis gå fram for å søkje på dette alternative utdanningsløpet.
· Spes.ped.-ansvarleg, HVS: Hilde Krsitin Aasgaarden
· Rådgjevar for elevar, HVS: Hanne Ski
· Ålesund PPT -vgo : Ansvar for elevar knytt til Haram vgs.