Studiespesialisering

Kva for val har du ved Haram vidaregåande skule?

På Vg1 kan du velje ordinær Vg1 Studiespesialisering eller Vg1 Studiespesialisering - internasjonal klasse

Rammene for desse to er dei same, altså utdanningsprogrammet studiespesialisering, og elevane vert førte fram til same eksamen uavhengig av kven av dei du går i.

På Vg2 og Vg3 kan du velje mellom programfagområdet realfag eller programfagområdet språk, samfunnsfag og økonomi. Dette gjeld for alle elevane på studiespesialisering, også dei som går i den internasjonale ST-klassen.

Avhengig av kva programområde og programfag du vel, vil du kunne oppnå generell eller spesiell studiekompetanse.

Utdanningsprogrammet for studiespesialisering gir det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høgskular og universitet. Elevar som vel studiespesialisering, bør i utgangspunktet like å arbeide med teoretiske fag.

Kva er spesielt med undervisninga i den internasjonale klassa?

Elevane vil i kvardagen følgje eit opplegg som er noko annleis enn for dei som er i dei ordinære gruppene. Det internasjonale perspektivet vert meir vektlagt enn normalt i fleire fag, spesielt der læreplanen elles legg opp til dette (ulike typar tema-arbeid).

Det vert og utanlandsturar lagt inn i kvart skuleår. Dermed set ein gjerne eit ekstra fokus på det landet, eller den regionen, som utvekslinga/studieturen går til. Målet er at den internasjonale ST-klassa skal ha ein utanlandstur kvar skuleår, så sant situasjonen tillét dette. I nokre emne vil undervisninga og kunne bli gitt på engelsk.

Moglegheitene for arbeid og utdanning på tvers av landegrensene blir stadig større, og behovet for å bryte ned dei kulturelle barrierane er difor aukande. HVS ønskjer at elevane våre skal vere godt budde på å møte dagens samfunn etter si vidaregåande opplæring. Difor har Haram vgs tradisjon for kontakt med samarbeidspartnarar i utlandet. Desse internasjonale kontaktane gjer det mogleg for skulen å tilby fagleg gode opplegg for elevane våre i ei rekkje land. Noko skulen får positive tilbakemeldingar på. Søk oss, så vert det kanskje du som får opppleve spennande og lærerike turar ut i Europa eller andre stadar i Verda.

    

Så litt ekstra fakta om du lurer på om dette er noko for deg:

Du vel fordjuping innan

Du lærer 

Avhengig av fagvalga dine:

  • matematikk og andre realfag
  • leiing og økonomi
  • historie, politikk og psykologi
  • språk
  • andre teoretiske fag

Du bør vere

  • interessert i å arbeide med teoretiske fag
  • samarbeidsvillig, strukturert og sjølvdisiplinert
  • interessert i å skrive eller rekne
  • interessert i kultur- og samfunnsforhold

Du oppnår

  • studiekompetanse og kan ta høgare utdanning

Dersom du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli

  • sjukepleiar, lege eller veterinæringeniør 
  • ingeniør, jurist eller økonom
  • lærar, psykolog eller forskar
  • Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet

Arbeidsstader kan vere

  • sjukehus, domstol, politistasjon eller kommuneadministrasjon
  • advokatkontor, konsulentselskap eller ingeniørbedrift
  • barnehagar, skolar eller universitet

  

Opptak til høgare utdanning 

Med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet. Men nokre studium har spesielle opptakskrav:

  • Opptaksprøver: Mange studium innan kreative fag krev ei praktisk opptaksprøve.
  • Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. Du finn opptakskrava til høgskole- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. Vel du studiespesialisering med realfag på Vg2 og Vg3, er det størst moglegheit til å få teke dei realfaga du treng.

  

Val av fag i utdanningsprogram for studiespesialisering

  • Tek du realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi, vel du to programfag på Vg2 som du må vidareføre på Vg3. Dette blir kalla fordjuping. Desse programfaga må vere frå programområdet ditt.
  • Du skal velje to programfag til, eitt på Vg2 og eitt på Vg3. Desse kan vere frå programområdet ditt eller frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (for eksempel realfag eller framandspråk). Du treng ikkje vidareføre valfrie programfag på neste trinn.
    • Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 i staden for det siste programfaget på Vg3.
  • Det er spesielle reglar for val av fag dersom du vel matematikk R1/S1 som programfag på Vg2.
  • Det er opp til skolen din kva programfag ein tilbyr.
  • Har du spesielle framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du velg fag.
  • Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning. 

Snarvegar

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.