Vg2 Studiespesialisering i Skottland
Dette er eit av undervisningstilboda til Møre og Romsdal fylkeskommune, spesifikt for Vg2-nivå. Anten du vel språk/samfunnsfag/økonomi eller realfag på Vg2, kan du søkje om å få dette utanlandsåret. Føresetnaden er at du er Vg1-elev på utdanningsprogram for studiespesialisering.
Eit viktig mål for skuleåret, er at du som elev får vere i eit miljø som fremjar læring av engelsk som språk og skaper innsikt i engelsk kultur, samstundes som du får fordjuping og faglege opplæring i alle naudsynte fag på Vg2.
Fagval - programfag
Samarbeidsskulen i Skottland tilbyr fag du kan byggje vidare på i Vg3, dvs. når du kjem tilbake til Noreg. Du vil få hjelp til å velje fag og fagkombinasjonar som gjer at du oppfyller krava innanfor eitt av programområda i studiespesialiserande utdanningsprogram.
Fellesfag
Når det gjeld fellesfaga, blir elevar som tek eitt år av den vidaregåande opplæringa i utlandet, fritekne for ordinær undervisning basert på visse reglar. I fellesfag som går over Vg2 og Vg3 og som har eksamen etter Vg3, må elevane vere budde på ein god del sjølvstudium.
- Dette gjeld historie (som har 56 årstimar på Vg2) og norsk (som har 112 årstimar på Vg2).
I desse to faga vil elevane få konsentrert undervisning, samlingsbasert, i løpet av året i Skottland. Det kjem lærarar frå Haram vgs og gjennomfører denne undervisninga med dei. I tillegg må elevane vere budd på ulike innleveringsoppgåver, leverte etter eigen plan. - Elevane skal og ha undervisning i sitt andre framandspråk.
Inntak etter søknad og intervju
Du søkjer som normalt i VIGO, men inntaket blir tatt særskilt, og gjennomført tidlegare enn det vanlege inntaket. Ettersom alle elevar i dette opplegget skal innlosjerast i private heimar og kunne følgje ordinær undervisning gjennom eit heilt år i Skottland, må dei kvalifiserte søkjarane gjennom ein intervjurunde før inntaket vert gjort. Intervjuarane tilhøyrer ein uttakskomite som består av både norske og skotske skulerepresentantar. Det er desse som saman gjer det endelege inntaket til Skottlandstilbodet.
SKOTTLAND_Utdanningstilbod i Skottland 2025 - brev.pdf (PDF, 168 kB)
Har du lyst på eit annleis skuleår, er du engasjert og nysgjerrig, og ikkje minst arbeidsom, ja, då er kanskje dette noko for deg. Ta kontakt med skulen for meir informasjon - søk gjerne!
vigo.no
Korleis søkje:
- Du søkjer på vanleg måte gjennom fellesinntaket i VIGO (vigo.no), anten STSSA2UT eller STREA2UT.
- I tillegg fyller du ut eit eige søknadsskjema (Skjema ligg i pdf-utgåve under).
Skriv ut skjema fyll inn og send dette til Haram vgs. Instruksjon står øvst i skjemaet.
SKOTTLAND_ Vedlegg til søknad om Vg2ST i Skottland 2025-2026.pdf (PDF, 138 kB)
- Du må og skrive eit motivasjonsbrev. legg ved karakterane dine frå termin 1.
Send dette samla i lag med vedleggsskjemaet til Haram vgs:
Haram vidaregåande skule,
Skuleråsa 10
6270 Brattvåg
Merk konvolutten: Skottland.
Søknadsfrist 1. mars.
Lukke til med neste skuleår!