Haram vidaregåande skule tilbyr tre utdanningsprogram innan yrkesfag, som kvar er første steg på vegen til ei rekkje yrke. Orienter deg godt, og finn ut kva som passar best for deg.
Vil du vite kva som skjuler seg inne i ein pc, forsterkar, tv, vaskemaskin eller eit sikringsskap? Er du interessert i ny teknologi og installasjon og vedlikehold av elektriske eller elektroniske system? Ja, eller i kombinasjon med programmering kanskje?
Da kan elektrofag vere riktig for deg.
Ønskjer du å jobbe med menneske, vere i lag med dei i ulike aldersfaser og hjelpe dei i forskjellige livssituasjonar?
Då kan helse- og oppvekstfag vere noko for deg.
Haram vidaregåande skule tilbyr Vg1 Helse og oppvekstfag, og så kan du velje anten Vg2 Helsearbeidarfag eller Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag andre året. Etter det kan du gå ut i læretid (2 år) og ta fagbrev, eller du kan ta Vg3 Påbygg til studiekompetanse. Det er opp til deg.
Ønskjer du å arbeide med teknikk og mekanikk? Er du interessert i maskiner og køyretøy, eller kanskje produksjonsplanlegging og produksjonsprosesser? Kva med automatisering og programmering, liker du det?
Då kan teknologi og industrifag vere noko for deg.
Ved skulen tilbyr vi elevane våre Vg1 Teknologi- og industrifag og deretter Vg2 Industriteknologi. Eller du kan velje deg til andre Vg2-løp, men då på ein annan skule enn vår.
Du kan oppnå generell studiekompetanse ved å fullføre og bestå Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse når du har fullført Vg1 og Vg2 frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram med bestått i alle fag.
- i Møre og Romsdal fylkeskommune har du høve til å ta Vg3 Påbygging til studiekompetanse etter at du har fullført yrkesutdanning med fagbrev. Det er det mange som no gjer, og opplever det som nyttig å ha fagbrevet i botn også i høve yrke som er baserte på høgskuleutdanning.
Klikk deg inn på mappene øvst på sida, om du vil vite meir om dei ulike yrkesfaglege utdanningsløpa.