Eksamen og vurdering

Her finn du viktig informasjon om eksamen, anten du er ein av skulen sine elevar eller du tenkjer å ta eksamen som privatist. Nedst finn du linkar til litt informasjon om vurdering og vitnemål.

Ver merksam på at ALLE eksaminandar skal ha gjort seg kjende med eksamensreglement før dei møter til eksamen.
   

Elev

Ordinær eksamen følgjer fag du har inneverande år og blir avgjort av eksamenstrekket ved din skule. Her er det klare reglar og retningsliner som alle må følgje i norsk vidaregåande skule. Detaljar om eksamen innan kvart enkelt fag, får du av din faglærar.

Ny, utsett eller særskilt eksamen har du rett på om du som elev har fått karakteren 1 på eksamen eller i standpunkt, eventuelt hatt gyldig fråvære på ein eksamen. Dette får du informasjon om direkte, om det gjeld deg. Då må du vere påpasseleg og følgje opp rettleiinga som du får, for du er sjølv ansvarleg for å melde deg opp igjen. (Sjå meir informasjon i fanen øvst på sida).

Dersom du treng meir informasjon om eleveksamen enn den du finn her, ta kontakt med eksamensansvarlege på skulen (sjå nedst på sida).
   

Privatist

Du kan melde deg opp som privatist og ta eksamen i ulike fag, men det føreset at du ikkje i same tidsrom er elev i faget. Dette gjeld for alle, også vaksne med vaksenrett.

All oppmelding skal skje på www.privatistweb.no og eksamensdatoar finn du her. 
Du må sjølv syte for at oppmelding og betaling er gjort innan dei gitte fristane.

Oppmeldingsperioder
Haust-eksamen: Ope for oppmelding frå 15. august til 15. september, kl. 23.59
Vår-eksamen    : Ope for oppmelding frå 1. januar til 1. februar, kl. 23.59

NB!
Om du ikkje har meldt deg opp og betalt innan fristen, må du vente til neste eksamensperiode.

 

Snarvegar

Kontakt