For deg som er elev

Velkommen som elev ved Haram vidaregåande skule!

Skulen vår er ein middels stor, kombinert skule, lokalisert i Brattvåg, nord i Ålesund kommune. Hos oss kan du få både yrkes- og studiekompetanse. 

Vår visjon

Haram vidaregåande skule arbeider for at du som elev skal nå måla dine, og slik oppleve fagleg, sosial og personleg utvikling. Vi ønskjer at du, saman med nærverande og tilgjengelege lærarar, er aktivt med i planlegging og gjennomføring av opplæringa, og slik få eit godt læringsutbytte og byggje deg eit kunnskapsnivå med breidde, uansett utdanningsprogram.

Som kombinert skule har vi mange ulike programområde å tilby. Dette fører til at vi har elevar og lærargrupper med ulike interesseområde samla under same tak. Det ser vi på som ein styrke og rikdom.

Haram vidaregåande skule er kjent for å ha eit godt elev- og læringsmiljø. Skulen er og kjent for sitt gode samarbeid med kommune og næringsliv. Vi har gjennom dette samarbeidet gjort det mogleg å etablere nye utdanningsprogram ved skulen, og nye arbeidsmåtar i opplæringa, gjerne ute i praksisfeltet. Med utgangspunkt i det programområdet du vel, vil du få høve til å vere utplassert i, eller besøke, eit aktivt og internasjonalt retta næringsliv, og få delta på ekskursjonar i inn- og utland.

Som elev ved Haram vidaregåande skule vil du verte respektert for den du er. Du får vere med å skape di eiga framtid.

Ver nysgjerrig, ver stolt, ver skapande, men aller viktigast, ver deg sjølv på vegen framover i livet.

Du er velkommen til Haram vidaregåande skule!