Elevmedverknad

Elevar skal ha ei røst som skal takast på alvor, og det har vi som skule respekt for.

Demokrati og medborgerskap er eit tverrfaglig tema i skulen. Vi skal stimulere elevane våre til å bli aktive medborgarar og gje dei kompetanse til å delta i å vidareutvikle demokratiet i Noreg. Læreplanverket krev at opplæringa skal gje elevane kunnskap og ferdigheiter til å møte utfordringar i tråd med dei demokratiske prinsippa. Difor ser vi det som særs viktig at elevane våre får høve til å delta i alle viktige prosessar før avgjerd vert tatt.

Elevrådet er viktig for oss. Det same er andre råd og utval der elevane er naturlege representantar. Alle elevar skal ha moglegheit til å vere aktivt medverkande i skulekvardagen. Dei får kome med forslag til forbetringar og endringar, både inn mot skulemiljø og læringssituasjon, og alle innspel blir tekne på alvor. Og ofte vert resultatet i tråd med ønska til elevrådet

Vi vet og at elevane våre er våre beste ambassadørar, og ønskjer å ta best mogleg vare på dei medan dei er hos oss. Da må vi også høyre kva dei har å seie til oss.

Vegen er alltid kort mellom klasserom og leiing på Haram vidaregåande skule.