Skulekvardag

Vi alle utgjer kvardagen til kvarandre

Skulekvardagen inneheld mykje. I tillegg til å motta undervisning og følgje faglege opplegg, vert du ein aktiv part i skulesamfunnet og må innrette deg etter dei regelverk og rutiner vi har ved skulen. Vi ønskjer at alle bidrar til å skape eit vennleg, inkluderande og læringsfokusert miljø her på Haram vgs.

På denne nettsida vil du finne opplysningar som gjeld skulemiljøet, regelverk i skulen og dette med elevforsikring. Du finn og snarvegar til t.d innmelding av skuleskyss, søknad om permisjon, mm. Hald deg orientert om kva for reglar, retter og plikter du har som elev. og pass på å vere eit godt medmenneske samstundes som du passar på å få eit godt læringsutbytte av den vidaregåande opplæringa.

......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......  
I etterkant av koronasituasjonen ber vi dykk alle halde fram med å vere ryddige, ha god handhygiene og også fjerne eigne saker når du forlet ein arbeidsplass. Dette veit vi no at gjev god smitteførebygging, samstundes som det gjer arbeidsmiljøet betre for både reinhaldarar, elevar og andre tilsette.

Takk for at du hjelper til !
......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ......   ...... 
 

Fråværsregistrering

Dersom du er borte frå skulen, MÅ skulen få informasjon om dette. 
Meld frå til kontaktlæraren din via SMS eller Teams-chat, slik de er blitt samde om i klassen. Er du under 18 år er det foreldre som må gjere dette. Dersom eit fråvære kjem til å strekke seg over fleire dagar, er det viktig at du informere kontaktlæraren din om det. Dette for å unngå unødig bekymring når nokon er fråverande.

Elevar skal bruke VIS når dei registrerer inn eit fråvære. Grunnprinsippet er at elevar sjølv skal melde inn fråværet sitt og handtere eigne søknader. Begge deler skal dei leggje inn i VIS.

Dersom du skal vere borte frå skulen og kjenner til dette i forkant, skal duogså leggje dette inn i VIS, men hugs å snakke med kontaktlæraren din og informer om søknaden. Denne skal rektor handsame om den strekk seg utover tre dagar. Hugs at du alltid må syte for å halde deg fagleg ajoure og ta igjen det som er gjennomgått medan du var borte.

Hugs å dokumentere sjukefråvære fortløpande!

NB!
Det er ikkje tilrådd at foreldre/føresette gjer slike registreringar i VIS,
 då systemet er tilpassa elevbruk og direktekontakt mellom elev og kontaktlærar. Ver venleg å respektere dette. Likevel, ein føresett vil måtte sende melding og stadfeste fråværet knytt til bestemte fråværsgrunnar. Dei kan og følgje med på aktiviteten, fram til eleven fyller 18 år.

Etter fylte 18 år
I det ein elev fyller 18 år, vil eleven vere myndig og skulen vil ikkje lenger kunne gje informasjon til føresette utan at eleven, altså du sjølv, gjev samtykkje til dette. Skulen håper likevel at både elev og føresette held fram med eit godt samarbeid med skulen, slik at du som elev heile vegen får ut ditt potensiale og når dine mål.
 

Timeplanstruktur

Timeplanen har ny struktur f.o.m. hausten 2023.
Vekedagane har same oppbygging gjennom veka, med fire fagøkter på 1,5t per dag. Unnataket av onsdagar, der det er lagt inn 30 minutt basistid etter matfri, etterfølgd av ei noko kortare undervisningsøkt. Siste økta per dag ligg likt heile veka.

 Justeringane er gjort etter innspel frå elevråd og lærarkollegiet, basert på erfaringar gjort i oppstartsåra etter innføringa av digital timeplan. Du finn planen som vedlagt dokument nedst på sida her.

Ver merksam på!

  • Innhaldet/fagfordelinga i timeplanen vil vere forskjellig frå veke til veke
  • Alle må til ein kvar tid vere medvitne kva veke ein er i, og følgje med på den digitale timeplanen sin i VIS (Visma In School) gjennom skuleåret.
  • Det er ein mobil-app, VIS-app'n. Bruk den!
    Timeplanen fungerer godt på mobil og gjev deg full kontroll. Bruk denne frå dag ein.

Det faglege opplegget, og ulike faglege aktivitetar, vil vere tilpassa denne variasjonen. Ein erfarer at dette gjev rom for den faglege fordjupinga som fagplanane i Fagfornyinga krev.

Ønskjer dykk alle ei god og lærerik tid på Haram vgs!


   

Dokumenter

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.