Covid19-info, vår 2022

Informasjon knytt til covid19-situasjon og undervisning, for elevar, føresette og tilsette på Haram vidaregåande skule.

   
F.o.m. torsdag 20. januar er Haram vidaregåande skule på GRØNT nivå. 

(Artikkelen vert oppdatert fortløpande når ny informasjon kjem).

Skriv ut

For HVS gjeld no følgjande:


12.02.22 - Regjeringa melder

Regjeringa opphevar påbodet om smittevernfagleg forsvarleg drift i covid-19 forskrifta. Det betyr at barn, elevar og tilsette kan gå tilbake til ein meir normal barnehage- og skulekvardag.

Trafikklysmodellen blir vidareført som ein beredskapsrettleiar, og skal berre nyttast lokalt om kommunen meiner smittesituasjonen krev det. (Les eventuelt meir på udir).

I praksis betyr dette at føresette/elevar ikkje lenger skal gi melding til skulen ( i Forms) om det oppstår smitte.
Men skulen rår elevar likevel gi kontaktlærar beskjed når de ikkje er på skulen av ulike grunnar.

Elles så vil vi takke for det arbeidet de har lagt ned for å halde smittetrykket på skulen nede.  Det er framleis anbefalt at ein er heime om ein er sjuk og det blir oppfordra til å følgje råda under.

Råd om smittevern
•    Ha god hand- og hostehygiene.
•    Følg vaksinasjonsprogrammet.
•    Test deg ved symptom. (Det er ikkje lenger naudsynt å teste seg dersom du ikkje har symptom). 
•    Ved positiv koronatest bør vaksne halde seg heime i fire dagar.
•    Ta kontakt med legen din dersom du er bekymra for eigen helse eller for barnet ditt.

Inkludert i dette, Ålesund kommune ønskjer framleis at de melder positive hurtigtestar til kommunen på denne linken: https://pasient.remin.no/aalesund

   

01.02.22 - Tiltaksnivået på skular og barnehage er på grønt nasjonalt. 

Meir om dei gjeldande reglane og tilrådingane finn du her:
Helse Norge - gjeldande regelverk nasjonalt

Informasjon om korleis forholde seg om ein er nærkontakt .

Om ein vert smitta, skal ein følgje same rutine som tidlegare: 
Korleis forhalde seg om ein vert smitta

Testing gjer ein om ein merkar symptom. Elles er det avstand og god hygiene som gjeld no.
    

28.01.22 - Rettleiing om korleis forhalde seg om ein vert smitta sjølv

Samfunnet vert opna stadig meir opp, men er ikkje smittefri for covid-19.
Her er ny informasjon om gjeldande rutiner: Korleis forhalde seg om ein vert smitta
   

19.01.22 - Leiinga ved HVS melder

Frå i morgon, torsdag 20.1.2022 vil Haram vgs. vere på grønt beredskapsnivå.
Om smitte skulle oppstå, vil endring i beredskapsnivå bli diskutert med kommunen, og tiltak vil bli sett i gang mot den enkelte klasse etc. Skulen vil og ha testar tilgjengeleg, som kan brukast til formålet, om smitte/mistanke om smitte skulle oppstå. 

Og utover det, gjeld fortsatt; - Vis god hygiene i alle samanhengar - det har vi erfart er god førebygging.
 

.......................................................................................................................... 

14.01.22 - Nye meldingar knytt til covid19-situasjonen

Regjeringen opphevar det nasjonale forskriftsfesta gule og raude tiltaksnivået som blei innført før jul. Barnehagar og skular skal fortsatt drive smittevernfagleg forsvarleg, noko som betyr minimum grønt nivå. Men, om kommuen ut frå den lokale situasjonen vurderer at det er nødvendig med eit høgare tiltaksnivå enn grønt, må dei beslutte dette lokalt, melder regjeringa. (Kjelde: Udir - Koronatiltak for barnehagar og skular)

Ålesund kommune følgjer regjeringa si oppmoding og fortset med gult nivå i barnehagar og grunnskular. og innfører dette også for vidaregåande skular og vaksenopplæringa. Dette gjeld inntil vidare. (Les meir info frå Ålesund kommune her).
 

Konklusjon:
Frå måndag 17.januar er Haram vidaregåande skule over på GULT nivå. All undervisning går som normalt.

Elevar møter som normalt etter sine timeplanar i VIS, men vert bedne om å vere lojale mot rutinene som gjeld for gult beredskapsnivå. Hald god avstand ute i korridorar og fellesareal, syt for god hoste- og handhygiene, tørk over arbeidsflater og rydd etter deg. Ver og påpasseleg med å få brukte munnbind og alt anna avfall ned i tilgjengelege bossdunker.

Vis god hygiene i alle samanhengar - det har vi erfart er god førebygging.

Alle møte med fleire eksterne involvert, vert ein rådd til å ta over Teams.
Dersom ein meiner det er best for involverte partar å møtast fysisk, kan møtet gjennomførast på skulen. Følg då dei gitte føresetnader og rutiner, jf. beredskapsplanen.

...........................................................................................................................

03.01.22 - Leiinga ved HVS melder

Godt nytt år!

Haram vidaregåande skule er fortsatt på raud beredskap, og det medfører digital undervisning, i sann tid, tysdag 4.1.2022 og onsdag 5.1.2022, som tidlegare meldt. Detaljert oppmøteplan for veke 1 og veke 2 vil komme i løpet av tysdag 4.1 og onsdag 5.1 2022, og blir lagt nedst i denne artikkelen. Følg med der.
(Desse dagsplanane er no gått ut på dato og er fjerna. Red.anm.)

Meir informasjon om smittevern i vgs finn du her:
UDIR - Veileder om smittevern for videregående skole
Denne rettleiaren skal gi råd og føringar til vidaregåande skular om drift under koronavirusutbrudd (covid-19-utbrudd).

Skulen minner om at både Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker at alle elevar og tilsette testar seg før ein kjem tilbake til skulen etter ferien. Meir informasjon om dette kan du lese her:
- Ålesund kommune melder - Testing før skuleoppstart, jan-2022
- Ålesund kommune melder - Lokal forskrift (...), gjeld dei under 18 år OG alle elevar i vgs
- Pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Positiv hurtigtest?
Les her  kva du skal gjere om du har tatt ein hurtigtest og den er positiv.

Hald deg oppdatert
Det er framleis mykje smitte i samfunnet no og vi ber alle om å halde seg oppdatert på kva som er gjeldande retningslinjer for Ålesund kommune, då det kan vere strengare tiltak lokalt enn nasjonalt. Ålesund kommune held deg oppdatert her.

Det aller viktigaste tiltaket er at både elevar og tilsette må vere heime frå skulen om dei har nyoppståtte symptom på Korona. 
   

Likevel, følg alltid opp skulearbeid, på skulen og heime, om du er i stand til det.
Dagsplanane under viser oppmøtetid på HVS og romfordeling.

Lukke til med læringsarbeidet inn i 2.termin.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.