“Saman gjev vi barn og unge i Kenya håp om ei framtid!”
North-South Partnership Aid
HVS har ein tverrfagleg dag i oktober, for heile skulen.
På denne dagen skal du som er elev få innblikk i korleis internasjonalt hjelpearbeid blir utført, og få vite meir om organisasjonen NSP-Aid og arbeidet deira. Målet er at du samstundes skal få innsikt i det globale perspektivet generelt, få høyre om FN, om menneskerettar og andre viktige tema knytt til demokrati og medborgarskap.
Haram vgs har støtta opp om hjelpeprosjektet i Kenya i mange år no, og elevrådet vedtek årleg at dette ønskjer dei at skulen sine elevar skal fortsetje med.
Så det gjer vi!
Fredag 24.oktober er alle elevar ute i arbeid for føremålet - ta vel i mot dei!
Og til dykk som gjev ein elev arbeid fredag 24. oktober;
- Ved å gje ein elev eit dagsarbeid, støttar du arbeidet for å gje barn og unge i Kenya ei lysare framtid. Med din hjelp kan NSP Aid bidra der nøden er størst. Ein tenkjer langsiktig, gjev barn trygge forhold og utdanning. Saman kan vi syte for at enda fleire barn og unge i Kenya blir best mogleg rusta til å møte ei trygg fremtid.
Vi ser at bidraga våre hjelper!
I haustferien vart det også i år gjennomført ei spennande reise der skulerepresentantane våre, og reisefølget deira, besøkte Malaika Villages utanfor Nairobi, og fekk sjå både slum og storbyvelstand side om side. Det er berre å slå fast, Kenya er eit land med store kontrastar på alle hold.
Våre elevar reiste i lag med representantar frå Borgund vgs, Spjelkavik vgs, Ulstein vgs, Herøy vgs og frå Danielsen ungdomsskule - Haugalandet. Takk for følget.
NSP-Aid 2025
NSP-Aid 2025
NSP-Aid 2024
NSP-Aid 2025
@haramvgs @borgundvgs @spjelkavikvgs @ulsteinvgs @heroyvgs @danielsen.haugalandet @nsp.aid
Og har du lyst til å gje eit bidrag, du også?
VIPPS til 526199 - då gir du til NSP Aid sitt Malaika Villages-prosjekt, slik som oss. NSP-Aid sitt kontonummer er: 1503.25.02307.
Takk for hjelpa!
(Biletet er frå skulen sin roll-up, gitt av NSP AID)
Vite meir?
Ønskjer du å lese meir om NSP-Aid, eller om samarbeidet med dei vidaregåande skulane på Sunnmøre, kan du klikke deg vidare til NSP-Aid via knappen under.
NSP-aid og skuleelevar til Kenya