INSTA Facebook
Det skjer stadig litt spennande eller artige ting i eit fag, på klasserom eller i verkstad, her på HVS. Og det vil vi jo vise deg.
Nokon gongar er kan det vere viktige ting vi som skule eller elevråd vil formidle, andre gongar informasjon frå opplæringskontor, studiestader, kanskje Lånekassen. Eller kanskje er det berre slik at vi er på fagturar i anten inn- eller utland, og har det så bra at vi vil fortelje det til alle som vil sjå.
Vi er stolt av elevane våre og tenkjer dei fortener å bli vist fram.
Flotte ungdomar, alle saman, som står på for å nå måla sine, og som er utruleg kjekke å vere saman med i den prosessen.
Sjekk ut HVS på INSTA, så skjønar du kva vi meiner.
Stolt og skapande - bli gjerne ein HVS-elev du også!