Møtet er i auditoriet på skulen.
Auditoriet finn dykk i 1.etg., omtrent midt i skulebygget.
Parkering
Fint om de kan prøve fylle plassane på dei øvre parkeringsplassane, som skulen disponerer.. Om behov, står parkeringa til ungdomsskulen til disposisjon for oss denne ettermiddagen.
Merk at foreldre til Vg2-elevar, kjem inn noko seinare, og blir oppmoda til å bruke parkeringa til ungdomsskulen.
Program
- Fellesinformasjon i auditoriet for foreldre/føresette med elevar på Vg1
- Klassevis informasjon med kontaktlærar
Fellesinformasjon
I første del av møtet vil rektor informere om Haram vidaregåande skule, skulereglementet, kapittel 12 i Opplæringslova - Skulemiljøet til elevane, og generelt om vidaregåande opplæring. Det skal og bli valt ein representant og ein vara til skuleutvalet.
Kontaktlærarane leier del 2 av møtet.
Dei vil mellom anna orientere om utdanningsprogrammet/gruppa generelt , og om det som skal skje i gruppa utover i skuleåret. Vi oppmodar foreldra til å kome med dei spørsmål dei måtte ha om Vg1, faga og skulen generelt.
Dersom foreldre/føresette har spesielle ting dei ønskjer å drøfte med kontaktlærar, bed vi om at dei tek kontakt med vedkomande etter møtet.
Godt samarbeid er viktig
Haram vidaregåande skule ser det som svært viktig at heim og skule har eit godt samarbeid. Heimen kan då få informasjon om eleven sin skulekvardag, og skulen på si side kan motta opplysningar som er verdifulle når vi skal leggje opp undervisninga for eleven.
Dersom de som foreldre/føresette har ting de ønskjer å snakke om, må de ikkje vere redd for å ta kontakt med skulen.
Om foreldre/føresette ikkje har moglegheit til å delta på foreldremøtet, hadde vi sett pris på om de ga beskjed til kontaktlærar. Då kan skulen enklare informere dykk i etterkant om det som blei gjennomgått på foreldremøtet.
Velkomen til Haram vidaregåande skule!
Med vennleg helsing
Håkon Sæterøy
Rektor