Foreldremøte for Vg2

Onsdag 2. september, kl. 18.30.
Velkomen til foreldremøte for foreldre og føresette til elevar på Vg2. Dette gjeld for alle utdanningsprogram. 

Møtet er i auditoriet på skulen. 
Auditoriet finn dykk i 1.etg., omtrent midt i skulebygget.

Parkering
Det blir arrangerer  foreldremøte også for Vg1-elevane (frå kl. 17.30), slik t det kan vere få parkeringsplassar tilgjengeleg når dykk kjem. Vi rår difor til å parkere nede på ungdomsskulen. 

Program

  1. Fellesinformasjon i auditoriet for foreldre/føresette med elevar på Vg2
  2. Klassevis informasjon med kontaktlærar 

Fellesinformasjon

I første del av møtet vil rektor informere om Haram vidaregåande skule, og litt spesifikt for Vg2. Det blir og fokus på skulereglementet, kapittel 12 i Opplæringslova (om Skulemiljøet til elevane) og generelt om vidaregåande opplæring. 

Ein treng og velje ein representant og ein vara til skuleutvalget., som vi håper få på plass så raskt som mogleg.
  

Kontaktlærarane leier del 2 av møtet

Dei vil mellom anna orientere om utdanningsprogrammet/gruppa generelt , og om det som skal skje i gruppa utover i skuleåret. Vi oppmodar foreldra til å kome med dei spørsmål dei måtte ha om Vg2, faga og skulen generelt.

Dersom foreldre/føresette har spesielle ting dei ønskjer å drøfte med kontaktlærar, bed vi om at dei tek kontakt med vedkomande etter møtet.

 

Godt samarbeid er viktig

Haram vidaregåande skule ser det som svært viktig at heim og skule har eit godt samarbeid. Heimen kan då få informasjon om eleven sin skulekvardag, og skulen på si side kan motta opplysningar som er verdifulle når vi skal leggje opp undervisninga for eleven. Igjen er det viktig at dersom de som foreldre/føresette har ting de ønskjer å snakke om, må de ikkje vere redd for å ta kontakt med skulen.  

Om foreldre/føresette ikkje har moglegheit til å delta på foreldremøtet, er det fint om de gir beskjed til kontaktlærar. Då kan skulen enklare informere dykk i etterkant om det som blei gjennomgått på foreldremøtet.  
  

Velkomen til Haram vidaregåande skule!
 

  

Med vennleg helsing

Håkon Sæterøy
Rektor