Hospitering, program v.46

Velkomen til ein skuledag på Haram vidaregåande skule!

Elevar og lærarar på kvart utdanningsprogram er klare for å ta i mot deg i veke 46.  Dei vil vise deg litt av kva du får oppleve som HVS-elev på akkurat DETTE utdanningsprogrammet. Kanskje ikkje ein heilt vanleg skuledag, men heller ikkje så langt i frå. 

Merk at vi startar dagen dykkar i auditoriet på skulen kl. 08.15, uansett utdanningsprogram. Dette er litt tidlegare enn de er vande med på ungdomskulen. De av dykk som kjem med buss, følgjer då bussrutene som vidaregåande elevar nyttar.

Nokon av dykk kjem langveis frå (dvs. frå andre kommunar), og har litt problem med å nå fram til kl.08.00. For dykk gjer vi eigne avtalar for oppmøte. Om spørsmål knytt til dette, kontakt vår rådgjevar Hanne Ski.

Vel møtt - håper du får ein spennande, hyggeleg og litt lærerik dag her hos oss.

Tidsrammer

Tidsrammer
TidAktivitet
Kl. 0805Oppmøte på HVS
Kl. 0815Auditoriet - presentasjon ved leiinga og elevrådet. Gruppeinndeling
Kl. 0845Opplegg ute på klasserom/Verkstader
Kl. 1100Matfriminutt - servering av enkel, gratis lunsj i kantina
Kl. 1130Opplegg ute på klasserom/Verkstader
Kl. 1400Skuledagen blir avslutta
Kl. 1435Bussavgangar (følgjer ordnær rute)

  
Til dykk frå Misund usk, vil vi lage eit eige, tilpassa program tilpassa bestillinga dykkar.
   

Velkomen til Haram vgs!