Elevar og lærarar på kvart utdanningsprogram er klare for å ta i mot deg.
Dei vil vise deg litt av kva du får oppleve som HVS-elev på akkurat DETTE utdanningsprogrammet. Kanskje ikkje ein heilt vanleg skuledag, men heller ikkje så langt i frå.
Vi håper du får ein spennande, hyggeleg og litt lærerik dag.
Program for kvart utdanningsprogram
Studiespesialisering og Studiespesialisering med internasjonal
Tysdag 12.11 : Ein skuledag på Vg1ST med ulike fag og aktivitetar
Torsdag 14.11 : Ein skuledag på Vg2ST med ulike programfag
Fredag 15.11 : Ein skuledag på Vg2ST med ulike programfag
Eigen timeplan blir utlevert og guidar vil hjelpe dykk til rett klasserom mm. gjennom dagen.
Helse og oppvekst
Torsdag 14.11 og fredag 15.11 køyrer Vg1- og Vg2-elevar eit fellesopplegg i lag med deg som hospiterer:
- Kva lærar ein på HO, HEA og BUA?
Eit fellesopplegg, altså, med stasjonsopplæring, som gjev innblikk i skuledag på både Vg1 og Vg2.
Elektro og datateknologi
Torsdag 14.11 og fredag 15.11 blir det fullt trøkk på begge EL-verkstadane våre.
Det vil seie en full dag med elektrorelatert arbeid på deg som har tenkt å besøke EL. Hald tunga rett i munnen og kople som du vert fortalt, då blir det bra!
Teknologi og industrifag
Torsdag 14.11 og fredag 15.11 køyrer Vg1TP og lærarane deira stasjonsopplegg med maskinverkstad, sveiseverkstad og to ulike økter med teknisk teikning. Så har du valt TIF er det berre å vere budd på litt action og praktisk arbeid!
YSK-EL og YSK-TIF
Har du valt YSK på anten torsdag eller fredag denne veka?
Då vil dagen starte med presentasjon av YSK, sjølvsagt av YSK-elevar. Deretter blir det blanding av fagleg arbeid innan elektrofag, TI-fagI, og ,jo da, realfag.
Som vi sa innleiingsvis, vi håper du får ein spennande og lærerik dag.
Velkomen!