HVS og internasjonal fokus

Haram vgs har over år vore ein internasjonal og utadvendt skule. 
Elevar ved alle utdanningsprogram får tilbod om å delta på reiseprosjekt tilpassa deira studium, i løpet av Vg1-3 (4).

Erfaring er viktig

Haram vgs ønskjer å gje elevar innblikk i andre kulturar,  gje dei opplevingar,  erfaring og ferdigheiter, som gjer dei tryggare når dei seinare skal ta steget ut i til satudier og vaksenliv. 

Utveksling - besøk og gjenbesøk

Dei fleste internasjonale prosjekta skulen gjennomfører, er knytt til Erasmus+ og inneber utveksling, der våre elevar får bu i vertsfamiliar ute og mottek sin verts-ven her på gjenbesøket. På nokre av desse programma er det avgrensa deltakartal, slik at elevane må søkje om deltaking og forplikte seg til t.d. vere vertsfamilie ved gjenbesøk.  
Andre reiser er for heile faggrupper, der alle elevane i klassen/faggruppa får tilbod om å delta.

Kvar tur, og kvart gjenbesøk, inneheld eit spennande, mangfaldig program, anten fokuset er på fag, skule eller arbeidspraksis. 

Vi observerer mykje læring, spennande opplevingar, utvida perspektiv og flott personleg karakterbygging. Haram vgs er takksam for å vere del av Erasmus+, der elevar på både studiespesialisering og yrkesfaglege utdanningsprogram kan få delfinansiert desse turane. Vi er stolte av både elevar og lærarar som bidreg i planlegging, står på og saman lagar seg gode opplevingar og minner for livet.

Søk Haram vgs, og bli ein del av dette du og!
  

Oversikt over Erasmus+ prosjekt:

Studiespesialisering

Studiespesialisering Vg1

  • Utvekslingsprogram med Deele College, Irland (Vg1ST-Internasjonal)
       

Studiespesialisering Vg2

  • Utvekslingsprogram med Sint-Paulusschool, Waregem i Belgia (Vg2ST-Internasjonal)
  • BI1/BI2, utvekslingsprogram med Lycée Rotrou i Dreux, Frankrike
      

Studiespesialisering Vg3

  • Utvekslingsprogram med skulane Vittorio Emmanuele II og Cristoforo Colombo i Genova, Italia
  • FY2, utvekslingsprogram med Lycée Laurent de Lavoisier i Mulhouse, Frankrike + CERN-besøk (Sveits)

I tillegg har fremmedspråkklassane (spansk, tysk) reist på språktur, også i skuleåret 2025/26
     

Helse- og oppvekstfag

  • Samarbeidsprosjekt med Waterford College of Further Education i Waterford, Irland 

Dette har vore for Vg2-elevar, men det er til vurdering å utvide samarbeidet til å gjelde fleire klassar, eventuelt nivå.
  

Teknologi- og industrifag

  • Samarbeidsprosjekt med Instituto Statale Istruzione Superiore Arturo Malignani i Udine, Italia (Vg2 Industriteknologi)
       

Elektro og datateknologi

  • Samarbeidsprosjekt med Instituto Statale Istruzione Superiore Arturo Malignani i Udine, Italia (Vg2/Vg3 Automasjon) 
      

Yrkes- og studiekompetanse (YSK)

  • Samarbeidsprosjekt med Instituto Statale Istruzione Superiore Arturo Malignani i Udine, Italia (Vg2 YSK industriteknologi/automasjon)
  • FY2, utvekslingsprogram med Lycée Laurent de Lavoisier i Mulhouse, Frankrike + CERN-besøk (Sveits) (Vg4 YSK industriteknologi/automasjon)

 

Stadig utvikling

Ny idear og moglegheitar dukkar stadig opp, så her kan det kome opp nye reisemål. Haram vgs prøver å vere i det internasjonale feltet så godt det lar seg gjere. Det er vi stolte over å få til.

Verkar dette spennande for deg?
Søk om å delta når moglegheita byr seg, Kanskje blir det du som får dei neste opplevingane!