Internasjonal vidaregåande skule
1. Innleing
Dette er eitt av undervisningstilboda til Møre og Romsdal fylkeskommune. Søkjarane må vere elevar i Vg1 på utdanningsprogram for Studiespesialisering (ST) eller Studiespesialisering internasjonal, og velje anten språk/samfunnsfag/økonomi eller realfag. på Vg2.
Tilbodet blir administrert av Haram vidaregåande skule, og er godkjent av HK-Dir (Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse) og Statens Lånekasse for utdanning.
Ordninga går ut på at ei gruppe elevar frå Møre og Romsdal fylke går på samarbeidsskulen vår, Clifton Hall, i Edinburgh, i eit heilt skuleår. Skuleåret tel som Vg2 i utdanningsprogram for Studiespesialisering. Etter året i utlandet kjem elevane tilbake til norsk vidaregåande skule, og held fram på Vg3.
Elevar som nyttar seg av denne ordninga, kan såleis gjennomføre den vidaregåande utdanninga si på dei vanlege tre åra, samstundes som dei skaffar seg verdifull internasjonal studieerfaring.
Studietilbodet i Skottland er eit eineståande tilbod for elevar frå Noreg, men det er krevjande, og stiller store krav både til elevane sine evner til omstilling og til sjølvstendig, i tillegg til målretta fagleg arbeid.
2. Samarbeidsskulen i Skottland, Clifton Hall
Elevane frå Noreg får vere elevar ved Clifton Hall i Edinburgh. Dette er ein privat skule. Skulen har eigen etablert ein eigen kontaktlærarar, som følgjer opp dei norske elevane og har kontakt med haram vidaregåande skule.
Eit viktig mål for skuleåret er å vere i eit miljø som fremmar læring av engelsk, og all undervisning er sjølvsagt på engelsk.
Heimesida til Clifton Hall School: www.cliftonhall.uk
3. Vertsfamiliar
Elevane bur i private heimar som betalande gjestar, dette skuleåret. Med det meiner ein at kvar elev betalar ein pris som dekker husrom, mat (frukost og middag), oppvarming og ei rimeleg mengd klesvask i dei vekene som inngår i undervisningsåret.
Samarbeidsskulen, og koordinatorane våre der, skaffar vertsfamiliar for elevane frå Noreg. og er ansvarleg for kvalitetsikring jf. avtalen.
Pris for hus og mat:
Det blir det krevd 160 pund pr. veke gjennom heile opphaldet (beløp for 2026/2027).
For opphald i vertsheimen utover denne avtalen, avtalar og betalar eleven ekstra.
Elevane kan ta imot besøk frå familien heime i helgar og feriar, men då skal overnatting skje på hotell el. l. og vere avtalt med koordinatoren ved Clifton Hall.
Elevane får bortebuarstipend frå Statens Lånekasse.
4. Skuleåret i Skottland
Skuleåret i Skottland har tre terminar. Start- og sluttdatoane er om lag slik:
1. termin: Hausten 2026 fram til jul
2. termin: Januar 2027 fram til påske
3. termin: Etter påske 2027 fram til juni
I og mellom terminane ,er det ferie (om lag 2 veker haustferie, 3 veker ved jul/nyttår og 2
veker påskeferie).
Elevane har og andre fridagar i løpet av dette skuleåret. Desse finn de på Clifton Hall si heimeside.
Alle reiser heim i oktober, til jul og til påske.
5. Transport/reiser til og frå Skottland
Dei første reisene tur/retur Skottland er organisert av Haram vidaregåande skule, men alt blir betalt av elevane sjølve. (Fakturerert i etterkant av bestilling).
Tradisjonelt organiserer skulen følgjande reiser:
- Til skulestart i slutten av august.
Elevar og kursleiar saman til Skottland. Reisa går med fly til Edinburgh. - I haustferien (1. termin) reiser alle samla med kursleiar tilbake Noreg.
Returen etter ferien blir normalt bestilt av skulen, men vil gå utan kursleiar.
Reisene elles, knytt til jul, påske og heimreise i juni, må elevane bestille og ordne for seg sjølv.
Som omtalt i punkt 9, vil alle elevane får eit reisestipend frå Statens lånekasse, men dei må vere budde på at mesteparten av reiseutgiftene må ein betale sjølv.
6. Fagvalet til elevane
Clifton Hall tilbyr fag som elevane kan bygge vidare på i Vg3 når dei kjem tilbake til Noreg.
Dei vil få hjelp til å velje tre programfag, framandspråk og matematikk, slik at dei oppfyller krava innanfor programområdet sitt i Studiespesialiserande utdanningsprogram.
Merk at i både norsk og historie vil elevane få konsentrert undervisning, gitt av lærarar får Haram vgs. (sjå punkt 4). Undervisninga i desse to faga er organisert i nokre spesifikke samlingar, som elevane skal møte på medan dei går på skule i Skottland. Mellom desse samlingane vil elevane få tema og oppgåver dei må følgje opp sjølvstendig.
Begge desse faga har eksamen etter Vg3 heime i Noreg, og elevane må vere budde på ein god del sjølvstudium.
Elevane er og garantert undervisning i framandspråka tysk eller spansk.
7. Norsk kursleiar
Studietilbodet i Skottland har ein norsk kursleiar som har ansvaret for
- kontakt med skulane i Skottland
- avvikling av samlingane (sjå punkt 8)
- oppfølging av elevane
- administrasjon
Kursleiar kjem til Skottland fleire gonger i løpet av skuleåret, og held dessutan kontinuerleg kontakt med elevane pr. e-post og telefon. Utover dette står kontaktlærarane, som dei norske elevane har i Skottland, til disposisjon for dei, dersom dei treng hjelp.
Skulle det vere særleg trong for det, vil kursleiaren kunne reise til Skottland på kort varsel.
8. Samlingar
Det vert arrangert ulike samlingar for elevane som vert tekne ut til studietilbodet i Skottland.
- Eit oppstartsmøte på Haram vgs for elevar og foreldre/føresette i mai/juni,
dvs. kort tid etter at elevane er valde ut. På dette møtet blir det gjennomgang av alle dei praktiske sidene ved opplegget. - Ei oppstartsamling i starten på skuleåret i Skottland i regi av Clifton Hall.
Denne har som føremål å bli kjent, og inneheld ulike praktiske aktivitetar. Elevane må rekne med ei utgift på kr 4000 for denne samlinga (valfritt å delta). - Eigne samlingar med undervisning i norsk og historie for Vg2, samt samtale med kontaktlærar (frå Haram vgs). Desse samlingane vert gjennomførte på Clifton Hall.
- Clifton Hall har fleire turar og arrangement i løpet av året som elevane kan melde seg på (frivillig). Betaling for desse er etter avtale med Clifton Hall.
9. Økonomi og støtte frå Statens lånekasse
Skulepenger
Utdanningstilbodet er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, og gir rett til støtte frå Statens Lånekasse. Eigenandelen til skulepengane (15 %) er dekt av fylket, og resten av skulepengane (85 %) får elevane dekt gjennom søknad til Lånekassen.
Elevane må sjølve ta ansvar for å søkje Lånekassen om denne støtta!
Lånekassen
Bukostnader
Den einskilde eleven må sjølv dekke bu-utgiftene på 160 pund pr. veke. Her vil bortebuarstipendet frå Lånekassen dekke det meste av utgiftene.
Andre utgifter?
Det kan kome utgifter til samlingar, reiser og nokre utgifter til t.d. materiell og skuleuniform, som elevane må betale sjølve. Ein kan søkje Lånekassen om stipend etter behovsprøving.
10. Helsetenester i Skottland
Etter Brexit må utanlandske elevar ha visum for å kunne opphalde seg i Storbritannia eit skuleår.
I samband med visumsøknaden må kvar einskild betale helseforsikring, og fylket dekker utgiftene til både visum og helseforsikring. Dersom eleven har helseutfordringar, er eleven med føresette ansvarleg for å opplyse om dette i søknadsprosessen, slik at ein kan legge best mogleg til rette for eleven.
For å få visum treng eleven biometrisk pass samt fødselsattest.
11. Møre og Romsdal fylke sitt ansvar for elevane - Forsikring
Møre og Romsdal fylkeskommune bestiller og dekker eiga reise-/heilårsforsikring for elevane ved studietilbodet i Skottland.
Fylket dekker og utgiftene til visum.
12. Søknad
Elevar som søkjer plass på dette studietilbodet skal søkje på vanleg måte gjennom fellesinntaket i VIGO. Søknadsfristen er 1. mars. Møre og Romsdal fylke har eigne kodar for dette tilbodet.
I tillegg skal elevane fylle ut eit eige søknadsskjema og motivasjonsbrev på engelsk, som skal sendast til Haram vidaregåande skule.
Inntaket vert gjort av Inntakskontoret i samarbeid med Haram vidaregåande skule, og vert gjort på grunnlag av karakterar, motivasjonsbrev og intervju. Aktuelle elevar blir kalla inn til eit intervju som går føre seg på engelsk, og dei som vert tilbydd plass må starte søknadsprosessen for å få visum så snart som råd. Dette vil det bli informert om på møtet for elevar og deira foreldre/føresette i mai/juni.
13. Vitnemål
Etter skuleåret i Skottland vil elevane få dokumentasjon som viser fag og eksamensresultat frå skulen i Skottland, og dei vil få ei stadfesting av skulegangen i utlandet frå Haram vidaregåande skule. Etter fullført og bestått Vg3 vil elevane få vitnemål for vidaregåande opplæring i samsvar med dei reglane som gjeld for godkjenning av eit skuleår i utlandet.
14. Administrasjon
Tilbodet vert administrert av Haram vidaregåande skule.
Meir informasjon om dette opplæringstilbodet får du ved å kontakte skulen ved e-post: haram.vgs@mrfylke.no