Torsdag 16.01.2025
Tidsramme:
Skulen har opne dører frå kl.16.30.
Etter programmet vert det høve til omvisning, så skulen er open fram til 19.00.
Oppmøteplass:
Auditoriet ved Haram vidaregåande skule.
Det vert enkel servering ved ankomst.
Om 10.klassingar sjølv har lyst til å kome, er dei hjarteleg velkomne til å bli med på dette møtet. Det vert høve til å stille eigne, personlege spørsmål til den enkelte avdelingsleiar eller rådgjevar på slutten av økta, om nokon skulle ha behov eller lyst til det.
Program:
Kl.17.00: Velkomen v/rektor Håkon Sæterøy
Kl.17.10: Generell orientering om vidaregåande opplæring
Kl.17.25: Orientering om dei ulike studietilboda ved Haram vidaregåande skule
Kl.17.45: Nordre Ålesund Opplæringskontor orienterer om lærlingordninga og
moglegheiter lokalt
Kl.18.15: Høve til spørsmål/samtale med avdelingsleiarar og opplæringskontor
Det vert høve til å sjå seg omkring på skulen før eller etter orienteringsmøtet,
og skulen er open frå kl. 16.30 og fram mot kl.19.00
Vel møtt!