Klagerett på standpunktkarakter
Vi minner elevar og føresette om klagerett på standpunktkarakterar. Standpunktkarakter er sluttvurdering i fag og i orden og åtferd.
Du finn meir om standpunktkarakter og klagerett i denne artikkelen.
Standpunktkarakteren ligg i VIS.
Måndag 19. juni vil alle elevar få tilgang til sine standpunktkarakterar. Desse blir synleggjort i VIS. Du må aktivt gå inn og sjå.
Frå denne datoen startar også klagefristen på 10 dagar å gjelde. Ver difor vaken og sjekk opp karakterane dine så raskt som mogleg, slik at ei eventuell klage vert sendt innan fristen.
Du kan klage på standpunktkarakter dersom du meiner at reglane for karaktersetting ikkje er blitt følgde. Du kan og klage dersom du ikkje har fått standpunktkarakter.
Vi minner om at det ikkje er klagerett på fag som ikkje er avsluttande.
NB!
Om du vurderer å klage på skriftleg eksamenskarakter, etter offentleggjering, bør du også først ta kontakt med faglærar for gjennomlesing av den innleverte eksamensoppgåva. Saman kan de gjere ei vurdering av om det er teneleg å sende inn ei formell klage. Men hugs, det er du som elev, som avgjer om klage skal sendast. Faglærar er som ein rådgjevar for deg.
Klagefristar
20.06.2023 Hurtigklagefrist standpunktkarakter
28.06.2023 Hurtigklagefrist kl.12:00, for eksamenskarakter til skriftleg eksamen
Klager skal vere formelle og signerte.
Klagen skal skrivast på eige skjema (skjema ligg her).
Føresette kan klage på vegne av deg fram til du er 18 år. Frå du er 18 år skal du klage sjølv.
Før du sender inn ein formell, signert klage, kan det vere lurt å be om ein samtale med faglærar. Faglærarane er lett tilgjengeleg frå tidspunktet for offentleggjering og fram til siste skuledag, om du skulle trenge ein slik samtale.
Dersom du ønsker å klage, sender du formell, signert klage til skulen: haram.vgs@mrfylke.no