Køyrer ungdommen din MC? Bli med på digitalt foreldremøte onsdag!

Møre og Romsdal fylkeskommune styrkar innsatsen for å førebygge ulykker blant unge lettmotorsyklistar. Alle som kjenner ein ung MC-førar er invitert til digitalt møte om trygg bruk av lett motorsykkel.

Ver gjerne med!

Onsdag 25. mars kl. 18.00-19.00 

Denne kvelden inviterer fylkeskommunen til eit digitalt foreldremøte for alle foreldre og føresette ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Dette er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Nord universitet, Norsk Motorcykkel Union, Norsk MC Forhandler Forening og Trykk Trafikk.

Vi håper flest mogleg deltek. 

Klikk deg inn på linken og få meir informasjon. Der finn du og linken inn i sjølve møtet.

Trygg bruk av MC - det er så viktig!