Lokal venteliste er for deg som ikkje har søkt skuleplass i hovudopptaket, eller ønskjer å gjere omval.
Send e-post til skulen og be om å bli sett på skulen si lokale liste.
Bruk e-post-adressa: haram.vgs@mrfylke.no
Opplysningar skulen treng, er:
- namn, fødselsdato, adresse
- kva tilbod du ønskjer å søke på
- kva skule og utdanning du har tatt tidlegare
(du må kunne dokumentere dette før du eventuelt får skuleplass) - om det er spesielle behov som tidlegare er blitt omsyntatt i skulegangen din, og som det kan vere viktig skulen kjenner til
Skulen får ikkje ta inn elevar frå denne lista før ordinærinntaket er gjennomført.
Dersom du ikkje er kvalifisert til det du set deg på venteliste til, vil du heller ikkje få tildelt eventuell ledig skuleplass.
Skulen følgjer regelverket gitt av skuleeigar, og ber alle respektere dette.