Orienteringsmøte 26.01.23.
Vi ønskjer i år å rette orienteringa om skulen sine tilbod mot føresette til 10.klassingar. Foreldre og føresette er velkomne til ein kveld med informasjon og omvisning på Haram vgs.
Orienteringsmøte for føresette til 10. klassingar
Det er kome signal om at foreldregruppa og gjerne vil ha noko meir informasjon om den vidaregåande skulen. Haram vgs. har no sendt ut invitasjon til eit orienteringsmøte for føresette for 10. klassingar via rådgjevarane i ungdomsskulane.
Møtet blir torsdag 26. januar, kl.18:00.
Stad: Auditoriet på Haram vidaregåande skule
Program for kvelden:
Kl. 1800 Velkomen og informasjon, ved ass.rektor Håkon Sæterøy
- Generell orientering om vidaregåande opplæring
- Spesiell orientering knytt til tilboda ved Haram vidaregåande skule
Omvisning, med høve til å sjå skulen og snakke med lærarar knytt til dei ulike avdelingane/utdanningsprogramma.
Tidsramme: 1,5 t
Velkomen!
......................................................................................................................................
Alle 10. klassingane i nærskulane har via Utdanningsval fått høve til å vitje Haram vgs og dei ulike utdanningsprogramma skulen har. I tillegg har dei fått besøk av ei elevgruppe frå Haram vgs ute på eigen skule, og fått ei litt meir detaljert orientering vgs-elev. Noko vi håper gav 10.klassingane eit greit inntrykk av kva dei kan vente seg. Vi trur difor 10.klassingane er godt budde til å ta sine eigne val for kva dei vil gjere i vidaregåande skule neste år.
Om nokre 10. klassingar likevel ønskjer å vitje skulen vår, kan vi organisere dette innan søknadsfristen 1. februar/1. mars.
......................................................................................................................................