- Korleis skal du ta vare på alle dataene dine no når du mister brukaren din i fylkeskommunen?
- Kva må du gjere for å kunne logge deg på eigen PC etter at du har slutta i vgo?
Dette er det viktig du veit kan bli eit problem, slik at du følgjer det opp no før sommarferien.
Her er informasjonen du treng.
OneDrive/Teams/OneNote
Alle som er avgangselevar og dei av dykk som sluttar, må hugse å hente ut data de vil ta vare på frå OneDrive/teams før sommaren.
Dette gjeld ikkje elevar som skal fortsettj neste skuleår.
Ta “backup”!
Vi vil minne om at det ikkje blir tatt backup av kontoar til elevar.
Om du er redd for å miste noko, bør du ta ein kopi og oppbevare den ein anna stad. Dette er viktig! Kontoane vil bli sletta ei lita tid etter at dei er blitt sett inaktive i august. Etter at kontoen er sletta vil vi ikkje kunne hente ut data frå dei! Det er difor best at dykk hentar ut data medan det framlei er mogleg.
Datamaskin
Om du brukte skoleeposten (@skole.mrfylke.no) til å lage konto på maskinen din, må maskinen bli tilbakestilt, og du må lage ein egien konto på maskinen. Når kontoen blir deaktivert hos oss (fylket), vil den også deaktivere kontoen på maskinen. Du vil då miste høve til å logge på!!!
For å tilbakestille maskinen kan du gjøre følgende:
Innstillinger -> System -> Gjenoppretting -> Tilbakestill PC
Du må velge "slett alt". Om du beheld data, vil ikkje PC'n miste koblingen til kontoen.
Skal du gå opp eitt år (meir opplæring) eller begynne på ein annan fylkeskommunal skule i Møre og Romsdal, beheld du filene og brukaren din, og treng dermed ikkje gjere noko med dette i år.
Om du er usikker, oppsøk IT på skulen din og avtal eit møte - denne avtalen må du gjere før det blir sommarferie.
Når dette er i orden, må du ha lukke til på vegen vidare!