Programfag Breddeidrett 1

Vanskeleg å velje retning? 
Nokon val kan gje deg litt i "pose og sekk".  ST-Internasjonal er eit slikt val, om du er ein person med reiselyst. For andre vil ein kombinasjon med idrett inn i Studiespesialisering, kunne dekke eit anna behov. 

Liker du å vere i aktivitet, sjå litt på dette tilbodet.

På Haram vidaregåande skule kan du velje Breddeidrett 1 som eit av programfaga, om du går Studiespesialisering. Faget er eit 140-timars fag, og vil gje deg høve til meir fysisk aktivitet i skuletida.

Breddeidrett 1 tek for seg eit utval aktivitetar og  treningsformer der allsidigheit er i fokus. Gjennom dette faget får du trene, prøve deg på mye ting og utfordre deg sjølv. Du vil få kunnskap og ferdigheitar som kan vere nyttig for deg også i andre samanhengar.

Forutan å ha kroppsøving i sal, blir det lagt opp til uteaktivitetar. Kanskje blir det ein friluftstur i fjella eller i fjøra, organising av turneringar og planlegge opplegg i nærmiljøet. Kvart år byr på sine moglegheitar i dette faget.
    

Breddeidrett 1 kan du velje i anten 1. eller 3. klasse. 

Om du vel Breiddeidrett første året (Vg1), vil du ha unnagjort eit programfag og får betre tid til fordjupingsfaga dine det tredje året (Vg3). 

Dersom du kjenner at du treng å vere meir aktiv i overgangen til vidaregåande skule, kan dette vere eit godt val. Då får du både kroppsøving og breddeidrett det første året. Det seier dei er ganske kjekt!
  

Ein liten stemningsrapport frå haustens tur i Tafjordfjella:

"Vi dro i buss frå HVS til Kaldhussetra i Tafjordfjella i lag med Biologi2-gjengen. Dei stasjonerte seg der, medan vi fekk på oss tursekkane våre og begynte vandringa opp i fjellet og innover til Danskehytta. Undervegs forsto vi litt meir av kva faglærar Garshol meinte med rett bekledning til rett stigning, og kanskje også, rett pakking av sekk … 

I alle fall, vi kom oss opp. Nokon heitare enn andre, men det gjekk bra med oss alle. Flott opphald på Danskehytta, med god stemning og god mat - turmat. Vi fekk nyttig lærdom om korleis DNT legg til rette for turgåarar i fjellheimen og tenkjer nok at fleire av oss får fleire turar i bagasjen framover. Det var gøy, motbakken i starten til tross!!"

Bileta er våre, tatt undervegs.

Breddeidrett1-gruppa, 2025/26

       

 

Tilbake til Utdanningstilbod ved Haram vgs