Volleyballturnering!
Tysdag 19. desember er det aktivitetsdag og volleyballturnering nede i gymsalen. Kampoppsett og regelverk ligg nederst her - følg med!
Første kampstart er kl.08:10
Det er viktig at alle lag møter til kamp etter kampoppsettet. Det gjeld og for alle med dommeroppgåver.
Det er ikkje satt av tid til oppvarming, ta ansvar for dette sjølv innad i laget.
Kampstart er rett etter forrige kamp er ferdig. Ver klare når klokka er der. Her vil det gå unna! Merk at det vert spelt på fleire banar - pass på å vere på rett bane ved kampstart.
Fullt program for dagen, ligg vedlagt under. Alle kontaktlærarar er ansvarlege for at eigen klasse har fått dette utsendt via teams. Sjekk opp.
LA DOMMERANE DØMME
Dommerane må dømme det dei ser, ikkje det dei blir fortalt. Kvart lag veljer en speler(kaptein) som kan prate til dommerane, og berre denne får taletid med dommer.
Årets sekretariat
Årets sekretariat er 2ST og 2TT.
Dei må få inn resultata med det samme kampane er ferdig. Hallen har 3 baner, og dei vil ver nummerert 1-3.
Kampoppsett og finale-tider
Dette finn du i eigne dokument under. Sjekk opp det programmet som gjeld for deg.
Og elles; - Pass på at du sjølv, og dei rundt deg, har det gøy i dag!
Kos dykk som spelande lag, som publikum, og om pausa vert lang gå opp og slapp av i kantina på HVS. Det siste er sjølvsagt berre mellom slaga.
Lukke til, alle saman!