Haram vidaregåande skole

Velkomen til Haram vgs!

Stolt og skapande

Med læring i fokus, og omtanke, nærleik og gjensidig respekt i læringsprosessen, jobbar vi for at du skal strekke deg mot måla dine. Du skal få god, fagleg opplæring, og oppleve sosial- og personleg utvikling. Saman tek vi framtida di på alvor.

HVS-elev og hybelbuar?

Set av måndag 20. oktober, rett etter skuletid!
   

Ung kunst og kultur inviterer til sosialt treff, hyggelege samtalar og kanskje litt idémyldring rundt tema "hybellivet" og kjekke ting å finne på.  Vi møtast nede i Kulturkantine på skulen, frå kl. 14.30 og utover. 
  

Blir med da vel - vi gler oss!

Stipend til elevar og lærlingar

Alle elevar i vidaregåande skule har rett på utstyrsstipend. Beløpet avheng av utdanningsprogram, men alle må hugse å gå inn og søkje om dette!

Det kan og vere mogleg du har rett på andre stipend-ordningar. Stipend og lån blir bestemt ut frå aldaren din i 2025 og kva utdanningsprogram du går på i år. 

Sjekk via lenka under kor mykje du kan få. 
  

Sjekk storleik på lån og stipend hos Lånekassen