For deg som er føresett

Velkomen som føresett til elev ved Haram vidaregåande skule.

Din primærkontakt ved skulen er kontaktlæraren til din ungdom
All informasjon som gjeld din ungdom vil i hovudsak bli formidla ut til føresette via e-post frå kontaktlærar. Meir generell informasjon knytt til læring og skulemiljø, vil du finne her på nettsida til skulen, medan spesifikk informasjon gjeldande ein elev vil kontaktlærar gje direkte ut til den enkelte heim.

I utgangspunktet vil skulen kommunisere med eleven, og forvente at eleven sjølv følgjer opp arbeidet sitt i skulekvardagen, og held seg til dei gjeldande lover og reglar vi har i skulen. Vi vil likevel syte for at informasjon vert gitt til føresette når ein ser behov for det.

VIS (Visma InSchool)
I den vidaregåande skulen er det VIS (Visma InSchool) som er den digitale plattforma, der alt vert registrert. Her vil elevane få oversikt over timeplanen sin, fråværet sitt, vurderingar osb. Det er og her elevar legg inn eventuelle søknadar og formelle meldingar.

Under ser du ein introduksjonsvideo retta mot deg som føresett til ein elev i vgs. Den er nyttig å ha sett gjennom.

Foreldre- og kontaktmøte
I september vil det kome invitasjon til eit foreldremøte for alle Vg1-elevar. I dette møtet vil skulen gje generell oppstartsinformasjon og kontaktlærar vil gje spesifikk informasjon gjeldande utdanningsprogrammet og klassa til eleven.

Seinare i skuleåret vert det kalla inn til kontaktmøte på alle trinna og i alle klassar, eit per termin, der vi håper både elev og føresett(e) kjem inn til ein samtale med kontaktlærar. Om behov, er det ope for å ta kontakt med kontaktlærar også på andre tidspunkt, anten for å gje informasjon eller be om eit møte.

Skulen ønskjer nær kontakt med heimen, til beste for eleven og denne sin læringssituasjonen, og har tru på at eit godt samarbeid vil hjelpe eleven på vegen framover.

Melde inn elevfråvær via VIS
Som elev i vgs ønskjer vi at ungdommen skal begynne å ta ansvar i eige liv. Grunnprinsippet er at elevar sjølv skal melde inn fråværet sitt og handtere eigne søknader. Begge deler skal dei leggje inn i VIS.

Det er ikkje tilrådd at foreldre/føresette gjer dette, då systemet er tilpassa elevbruk og direktekontakt mellom elev og kontaktlærar. Ver venleg å respektere dette. Likevel, som føresett vil du måtte sende melding og stadfeste fråvære knytt til bestemte fråværsgrunnar. De kan og følgje med på aktiviteten, fram til eleven fyller 18 år.

Etter fylte 18 år
I det ein elev fyller 18 år, vil eleven vere myndig og skulen vil ikkje lenger kunne gje informasjon til føresette utan at eleven sjølv gjev samtykkje til dette. Skulen håper likevel at elev og føresette held fram med eit godt samarbeid med skulen, slik at eleven heile vegen får ut sitt potensiale og når sine mål.

Skulen ønskjer ungdommen dykkar lukke til med læringsarbeidet. 

Snarvegar

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.