Vg2 Studiespesialisering i Skottland

Ynskjer du å gå på skule i Skottland og få vener for livet? 

HVS sitt utanlandsprogram gir ei fantastisk moglegheit for å oppleve skotsk kultur, språk og tradisjonar.

Clifton Hall School

Korridorane på Clifton Hall School minner oss om Harry Potter, og i tillegg er alle elevane og lærarane her delte opp i forskjellige hus med ulik farge. Bruce er gul, Douglas er grøn, Montrose er raud og Wallace er blå. Så kjenner du Harry Potter, forstår du kvifor tanken har slått oss.

Skuledagane er veldig lange, samanlikna med Norge. Vi forlet huset klokka åtte og er heime omtrent seks. Lærarane på skulen er imøtekommande og faga eg (Rae) valde var Psykologi, Modern Studies, Matte, Geografi og Spansk, medan eg (Hannah) valde Business Management, Modern Studies, Matte, Engelsk og Tysk. Nivået på faga er høgt og alt er på engelsk, så ver forberedt på at det vil bli utfordrande. 

Undervisninga forbereder alle elevane til eksamen, som går føre seg på slutten av skuleåret. Dei skotske elevane i S6 (senior six) skal søke vidare studier ved universitet til sommaren 2025. Dei skotske ungdommane er elles ikkje svært ulike norske ungdommar. Elevane er pratsame og på skulen kjenner alle kvarandre. Vi har begge fått oss mange skotske venar, men også nokre norske.

Vertsfamiliane våre er kjempehyggelege og tok oss godt imot. 
Eg (Rae) bur veldig sentralt med tanke på kollektivtransport. Det tar meg ein 20 minuttars busstur for å komme meg til Livingston og 40 minutt til hovudstaden, Edinburgh. Avstanden er nesten det same for meg også (Hannah). 

Vi har moglegheit til å melde oss på ulike aktivitetar på skulen, som hockey, fotball, løping, symjing eller rugby. Elles så kan man starte med andre fritidsaktivitetar etter skuletid. Til dømes så vurderer eg (Rae) å melde meg for Livingston FC. Sjølv om ein reiser vekk frå vener og familie, så er dette ein opplevelse vi absolutt anbefaler! 

    

Helsing

Hannah Koppen Grande og Rae Nogusse Zerom
(Vg2ST-elevar i Skottland 2024-2025)

 

Noko for deg?

Om du vil vite meir om sjølve opplæringstilbodet, klikk på lenkeknappen under.
Grip sjansen, om du kjenner dette kunne vere spennande læringsarena for deg!

 Studiespesialisering med opplæring i Skottland