Fråværsreglement

Fråværsgrensa i korte trekk

Meir enn 10 % udokumentert fråvære i eit fag, kan føre til at eleven mister retten til halvårsvurdering med karakter eller standpunktvurdering. Eleven må leggje fram godkjent dokumentasjon for å få fråværet unntatt frå fråværsgrensa. Rektor kan etter søknad i heilt spesielle tilfelle, bestemme at eleven får karakter sjølv om ugyldig fråvære er over 10 % (men ikkje meir enn 15 %). Fråværsgrensa gjeld for enkeltfag.

Elevar får varsel når det er fare for at dei ikkje får karakter (skjer når fråværet passerer 5 %) og eleven må då i fortsettinga prøve å hindre at fråværet vert for høgt.

Kva vert ikkje rekna som fråvære?

  • Rådgiving på skulen
  • Samtale med helsesjukepleiar
  • Møte med PP-tenesten
  • Utsett eller ny eksamen
  • Organisert studiearbeid, som er avtalt med faglærar eller avdelingsleiar
  • Elevrådsarbeid
  • Avtalt samtale med rektor eller andre tilsette

Eleven må ha dokumentasjon som viser kvifor han/ho var borte fra undervisninga.

Kva vert ikkje rekna som fråvær?

  • Helse- og velferdsgrunnar
  • Arbeid som tillitsvald utanom skulen
  • Politisk arbeid
  • Hjelpearbeid
  • Lovpålagt oppmøte
  • Representasjon i arrangement på nasjonalt – eller internasjonalt nivå innan idrett eller kultur
  • Inntil to dagar ved religiøse høgtider utanom Den norske kyrkja

Dokumentasjon av fråvære

Meld frå til kontaktlærar ved første fråværsdag, og vis fram dokumentasjon i lag med eigenmeldingsskjemaet første dag du er tilbake på skulen. Kontaktlærer tar vare på dette, eventuelt tar ein kopi til systemet sitt om eleven treng dokumentasjonen vidare. (Eigenmeldingsskjema ved sjukdom fin du på nettsida her, under Nyttig informasjon -> «Elevskjema - eigenmelding ved fråvære»

Elles må eleven legge fram følgande dokumentasjon dersom fråværet overstige 10 %: 

  • Dokumentasjon ved helse- og velferdsgrunnar
  • Legeerklæring
  • Dokumentasjon frå fysioterapeut, tannlege eller psykolog
  • Eigenerklæring ved dokumentert kronisk sjukdom eller udiagnostisert sjukdom under utreiing (rektor godkjenner)
  • Gravferd – erklæring frå foreldre eller eigenerklæring (når myndig)

Skjønn opp til 15 %

Rektor kan utøve skjønn i spesielle tilfelle når det udokumentert fråværet er i området 10-15 %, men ikkje om det overstiger 15 %.

Snever unntaksbestemming kan likevel verte gjort. Dette skal ta i vare elevar i ein vanskeleg livssituasjon, t.d når vanskar i heimen gjer det vanskeleg å skaffe dokumentasjon på fråværet eller det er andre krevjande grunnar. Det vil uansett vere viktig at ikkje fråværet er så omfattande at ikkje lærar har eit tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag (uavhengig av fråværsgrensa), for da vert det ikkje gitt karaktervurdering i faget.

Kva må skulen gjere?

Står eleven i fare for å miste halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, må faglærar sende ut varsel. Om eleven mister standpunktkarakter, har han/ho klagerett. Mister eleven halvårsvurdering med karakter i eitt fag, har han/ho ikkje klagerett.

Ved bortfall av karakter, skal det førast karakter IV.

Kva skjer dersom eleven ikkje får karakter?

Eleven kjem ikkje inn på neste årstrinn (må eventuelt ta kurset om igjen – t.d. Vg1).

Har eleven mål om å få studiekompetanse, blir det vanskeleg/umogleg å få førstegongsvitnemål. Dette medfører i verste fall at eleven ikkje får inntak ved høgskule/universitet eller lærekontrakt/fagbrev. Det kan og medføre utfordringar med å få andre arbeidsforhold. 

Samarbeid mellom skule og foreldre/føresette er heilt avgjerande for å unngå at elevar fell ut av den vidaregåande skulen. Ta difor kontakt med skulen raskt om de har spørsmål eller er utoa for ungdommen dykkar.

 

Snarvegar

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.