Skulestart
Skulestart for elevar er lagt til måndag 22. august i veke 34.
Om du som elev ikkje kan møte på dette tidspunktet, må skulen få beskjed.
Oppmøteplan for elevar:
Første skuledag møter elevane opp i auditoriet på skulen på følgande tidspunkt:
Kl.09:00: Vg1-elevar
Kl.10:30: Vg2-3-elevar
Seinare i veka:
Vg3TT møter opp onsdag 24. august, kl.08:00 ved auditoriet.
Vg4TT møter opp torsdag 25. august, kl.08:00 ved auditoriet.
NB!
Dersom du ikkje er tilstade ved oppropet, vil plassen gå til neste på ventelista fortløpande, og plassen er tapt for deg. Dette er det viktig å merke seg!
Behov for skyss?
Skysskort skal ein bestille via Skyssportalen. Dette må elevane gjere sjølve!
Bestill via denne lenka: https://skoleskyss.mrfylke.no/Account/Login?ReturnUrl=%2F
Alle må ha PC i vgo
I forbindelse med skulestart, treng skolen nokre svar frå deg, t.d. om nokre fagval og om du ønskjer PC via fylket eller ikkje. Alle Vg1-elevar må difor gå til nettsida SKOLESTART så raskt dei er tildelt skuleplass.
Direktelink: https://skolestart.mrfylke.no/
PC ordninga til fylket kan du lese om, og bestille, der. Merk at det er eleven sjølv som skal svare på skjemaet.
Skulebøker
Når det gjeld skulebøker, får elevane låne alt med skulen gjennom skulen si utlånsordning. Utlånet blir organisert av skulen sin bibliotekar og gjort via kontaktlærar i løpet av første skuleveka.
Elevane må kjøpe inn skrivesaker, skriveblokk etc. sjølve.
På enkelte utdanningsprogram må elevane i tillegg skaffe seg spesialutstyr (t.d. verkty) til bruk i undervisning og inn mot læretid/fagbrev. Dette får dei informasjon om på skulen dei første skuledagane.
Stipend og lån
Lånekassen tilbyr lån og stipend - sjå den generelle informasjonen deira her.
Vi minner om at Utstyrsstipend er noko alle elevar i vgo kan få, men dei må søkje!
Ein har rett på eit slikt stipend kvart studieår, som støtte til individuelt utstyr som er nødvendig i opplæringa. Beløpet varierer etter utdanningsprogram (sjå beløpsoversikt her).
Lærlingar, lærekandidatar, praksisbrevkandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb har ikkje rett til dette stipendet.
Informasjon elles
Mesteparten av informasjon elevane treng elles, vil bli gitt når dei kjem på skulen.
Skulen arrangerer i tillegg eit foreldremøte for føresette til Vg1-elevar medio september. Eigen informasjon om dette og innkalling kjem litt etter skulestart.
Sjå og "Nyttig informasjon" her på heimesida til skulen.
Kanskje finn du svar på ting du lurer på der.
Velkomen til eit nytt skuleår!