Påbygging til studiekompetanse

Du kan oppnå generell studiekompetanse ved å fullføre og bestå Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse etter at du har

  • fullført og bestått Vg1 og Vg2 frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram eller
  • oppnådd yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev)

  

Skulen tilbyr påbygging til generell studiekompetanse:

 

Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse 

Elevar som er ferdige med eit Vg2 på yrkesfaglege utdanningsprogram, kan søkje om å ta Vg3 Påbygging. Skuleåret er eit teoretisk løp der elevane har undervisning 30 timar i veka + ein kontaktlærartime (basistime). Skuleåret bygg opp fagkompetansen på fellesfag i fortsettinga av Vg1-2 og gjev eleven generell studiekompetanse med tanke på høgare utdanning.

Fag- og timefordeling: 

  • Norsk, 10 timar
  • Matematikk 2PY-Y, 5 timar
  • Historie, 5 timar
  • Naturfag, 3 timar
  • Kroppsøving, 2 timar
  • Valfritt programfag (må passe i blokk-strukturen til skulen), 5 timar
  • Basistime med kontaktlærar, 1 time 

Kva for valfrie programfag skulen kan tilby, varierer noko frå år til år. Ta kontakt med skulen dersom du har spesifikke tankar om kva programfag du ønskjer deg på Vg3 Påbygging, for å høyre om dette er mogleg komande skuleår.

Eksamen:
Alle elevar skal ha eksamen i norsk hovudmål, og i tillegg vil dei bli trukke ut i eit munnleg- og eit skriftleg eksamensfag.

Vg4 Påbygging til studiekompetanse

Dette er eit tilbod for dei som er ferdige med fagutdanning si, eller tre-årig yrkesutdanning. Ein flott moglegheit mange nyttar seg av for å førebu seg til eventuelle vidare studium etter endt fagutdanning.

Snarvegar